JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Eit livsavgjerande augeblikk

Reaksjonane Asta Nørregaard fekk då ho måla altartavla i Gjøvik kyrkje, endra livet hennar. Då Elin Tinholt blei kjend med dramatikken det skapte, tenkte ho at dette måtte vere romanstoff.

Då Asta Nørregaard (1853–1933) fekk oppdraget med å måle altartavla i Gjøvik kyrkje i 1882, var ho den første kvinna som hadde fått ei slik oppgåve her til lands.

Foto: Jan Tore Øverstad

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7858
20230317
7858
20230317

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

I det nye Nasjonalmuseet heng Asta Nørregaard (1853–1933) side om side med Harriet Backer (1845–1932). I 30 år levde dei òg vegg i vegg i Kristiania/Oslo. Men dei var ikkje nett perlevenner. Likevel var det Harriet som berga situasjonen då alt såg som svartast ut i Gjøvik kyrkje i juli 1883.

I Naturstudiets nødvendighet, ein roman i fire kapittel, skildrar Elin Tinholt dramaet som spelte seg ut den varme sommardagen. Som første norske kvinne nokosinne hadde 28 år gamle Nørregaard fått det ærefulle oppdraget å måle altartavle til eit gudshus, den nybygde kyrkja i Gjøvik. Det meste av arbeidet utførte ho i Paris.

Lett å herse med

– Den sjølvtilfredse soknepresten hadde innvendingar mot biletet, og sa at han tala på vegner av kyrkjelyden. Så då kunstnaren kom til Gjøvik denne dagen, var det for å gjere Kristus-skikkelsen litt lengre, presten meinte han var for låg. Men ankepunkta var fleire. At Maria Magdalena var raudhåra, at ho synte så mykje naken hud, og at det var så mange kvinner på biletet, fall ikkje i god jord, fortel Tinholt.

Kyrkjelyden meinte at dette kunne vekkje anstøyt.

– Kunstnaren gjekk i gang med å forlengje Jesu kjortel for slik å gjere Frelsaren høgare. Det var nok ikkje med lett hjarte ho gjorde dette. Ho kjende seg tvinga til å gjere sitt eige måleri ringare. Då soknepresten fortalde at kyrkjelyden insisterte på at også skriftordet måtte endrast, blei det for mykje for henne – og ho braut saman. Då kom Harriet Backer til Gjøvik og henta henne med seg tilbake til Kristiania.

– Og altertavla?

– Ho står slik Asta Nørregaard forlét henne. Berre Jesus-skikkelsen blei endra. Seinare skulle kyrkjelyden i Gjøvik bli svært glade i altarbiletet.

– Ei ung, urøynd kvinne var det jo lett å herse med. Kva gjorde denne opplevinga med kunstnaren som her hadde fått sitt første store oppdrag?

– For henne blei dette eit heilt livsavgjerande augeblikk. Tenk kor lykkeleg ho må ha vore då ho fekk oppdraget og medan ho arbeidde med måleriet i Paris! Enormt stolt må ho ha vore.

«Sjølvportrett» av Asta Nørregaard, 1890.

Tidleg passé

Tinholt fortel at det historiske måleriet «L’attente de Christ», som no heng på veggen i Nasjonalmuseet, førte til at Nørregaard fekk oppdraget i Gjøvik. Men etter motstanden ho møtte der, laga ho knapt fleire bilete med religiøse motiv. Kunstnarskapen tok ei anna retning. No gjekk ho over til portrettmåling; av dei om lag 400 bileta ho lét etter seg, er 300 portrett. Og dei siste 25–30 åra ho var aktiv, måla Asta Nørregaard nesten berre portrett.

– Ho makta reise seg igjen og fann ein annan veg som gav ein viss prestisje, men ikkje kunstnarisk. Der stagnerte ho litt. I si tid var Asta ein svært anerkjend portrettmålar, ho måla mektige menn, jamvel kong Haakon. Men på eit vis er ho blitt borte, skoven ut på sidelinja alt i si levetid. Ingen arbeid av henne blei kjøpte inn av Nasjonalgalleriet så lenge ho levde.

– Så seint som i 1925, 72 år gammal, heldt ho si første større utstilling. Fekk ho ikkje sjansen før, eller vågde ho seg ikkje fram?

– Eg trur ho ville vågd seg fram tidlegare om ho hadde fått invitasjon. Då det omsider skjedde, fekk ho ikkje ha Blomqvist for seg sjølv, men måtte dele utstillingsarealet med to kunstnarar ho ikkje hadde mykje felles med. Så mange invitasjonar har nok ikkje komme hennar veg. Asta Nørregaard blei tidleg sett som passé.

Programerklæring

Elin Tinholt kjem frå Gjøvik og blei konfirmert under altartavla i kyrkja der. Dette er den andre romanen hennar, tidlegare har ho skrive mest dramatikk – radioteater, lytteteater og sceniske tekstar. Ho er også manusforfattar. Lyrikk har ho aldri skrive, og det kjem ho heller ikkje til å skrive, trur ho, sjølv om ho verkar som dagleg leiar for Nordisk poesifestival/ Rolf Jacobsen-dagene på Hamar, som blei avvikla sist veke.

Då ho romandebuterte i 2019 med Søstrene på Stenberg, var ho så fylt av stoffet, etter å ha hatt det med seg i lang tid, at ho skreiv boka i ein rus, som ei euforisk oppleving. Om lag slik var det med denne romanen òg.

Romantittelen Naturstudiets nødvendighet er eit sitat frå katalogteksten Nørregaard sjølv forfatta til den retrospektive utstillinga, som møtte lita forståing hos kritikarane. Tittelen kan signalisere at kunstnaren ikkje har følgt med i tida, men valet grunngir Tinholt med at det truleg er det næraste ein kjem ei kunstnarisk programerklæring frå Asta Nørregaard.

Dei fire kapitla i romanen knyter seg til det forfattaren ser som viktige augeblikk eller scener i livet og karrieren til Nørregaard: Gjøvik-opplevinga, hennar eiga utstilling i 1925, Paris-opphaldet og arbeidet med altartavla og 80-årsdagen til Harriet Backer.

– Korleis var forholdet mellom dei to som budde vegg i vegg så mange år? Harriet berga Asta i Gjøvik, men nokon nær vennskap var det vel aldri tale om?

– Eg trur Harriet ikkje var særleg begeistra for Astas kunst, at ho meinte kollegaen hadde stivna og ikkje følgde med i tida, i motsetning til Harriet sjølv, som stadig orienterte seg mot dei nye retningane i kunsten, som impresjonisme og kubisme. Ho hadde ikkje sansen for det Asta heldt på med, trur eg. I dag verkar det litt uforståeleg at ho ikkje gjorde meir for å hjelpe ei medsyster.

Dei to kunstnarane stod nok kvarandre nærare i yngre år.

– Dei studerte saman i München og Paris. Og i Paris sat Asta modell for det som blei Harriets gjennombrotsbilete, «Blått interiør».

Foto: Ketil Born

Modig val

– Var det også slik at Harriet motarbeidde Asta, så ho ikkje blei innkjøpt til Nasjonalgalleriet dei 20 åra Harriet sat i innkjøpskomiteen?

– Det kan vi ikkje vite sikkert, men ingen slike innkjøp blei gjorde. Eg er trur at dersom Harriet Backer hadde insistert på eit innkjøp av Nørregaard, ville ho fått viljen sin.

– Den Asta Nørregaard du skildrar, er ei svært kjenslevar kvinne, som i eigenskap av kunstnar er fri, men likevel i mykje er bunden opp av tidas sosiale konvensjonar?

– Nettopp. Ho er ein person som rører meg, og som eg fekk lyst til å skrive om. Under lesinga av biografien og bøker og artiklar om henne og hennar samtidige målarkollegaer, er eg blitt slått av at ho ikkje var ein av gjengen. Einsemda og utanforskapen hennar gjer meg vondt. Noko har nok med vesenet hennar å gjere, ho var ganske stramt oppdregen og halden. Med ein slik bakgrunn er det verkeleg modig å velje kunstnarlivet.

Miskjend

Elin Tinholt trur at Asta Nørregaard hadde ei evig redsle for økonomien, ein angst for å ikkje klare seg.

– Å bli ståande så aleine kan ikkje ha vore lett. Ho var ei vakker kvinne og kledde seg i heilt fantastiske klede som ho sydde sjølv. Svært flink til å spele piano var ho òg. Asta var ei kvinne med mange talent. Men ho var sårbar og utestengd, det gjer noko med ein. Ho blir meir og meir kantete, og etter kvart ei litt snerpete jomfru.

– Såg ho seg som kunstnarisk miskjend?

– Ja, det trur eg. Ho kjende seg nok ikkje verdsett. Ho måla jo i ein tradisjon som blei sett på som gammaldags. Men samstundes trur eg ho var overtydd om at det ho gjorde, var bra, at ho hadde sjølvtillit på vegner av det ho skapte. Heile vegen. Ho lét seg ikkje knekkje, men kjende seg trygg på at det ho gjorde var godt nok.

Asta Nørregaard var også den første i Noreg som gav ut eit bokverk om sin eigen kunst. Portretter i oljefarver, pastell og kull kom i fire band mellom 1912 og 1914.

– Bøkene er så vakre! Asta var ei kvinne med enormt gjennomført estetisk sans, og det ber bøkene preg av. Utgivinga betalte ho sjølv, og eg trur ho laga bøkene fordi ho ikkje blei invitert til å halde utstillingar. Ho meinte at kunsten hennar hadde betydning, og det ville ho dokumentere. Så sjølvtillit hadde ho med omsyn til sitt eige yrke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis