Litteratur

Eit liv med dikt

Amerikanske Katherine Hanson er ei føregangskvinne i forskinga på Olav H. Hauge og har i mange år formidla tekstuniverset hans til engelskspråklege lesarar.

Katherine Hanson fekk Amboltprisen i år, ein pris som Venelaget Olav H. Hauge deler ut.
Katherine Hanson fekk Amboltprisen i år, ein pris som Venelaget Olav H. Hauge deler ut.Katherine Hanson fekk Amboltprisen i år, ein pris som Venelaget Olav H. Hauge deler ut.
Publisert

I 1960-åra var The University of Washington i Seattle eit av dei få studiestadene i USA med skandinavisk avdeling. Hanson er fjerde generasjon norskamerikanar, men kunne ikkje norsk før ho byrja studera i Seattle. I 1966 tok ho eitt semester norsk på universitetet i Oslo og lærte i tillegg noko norsk frå slektningar i Noreg.

– Eg bestemte meg for å ta norsk som hovudfag, og då lærte eg naturlegvis bokmål, men eg måtte òg lesa nynorsk litteratur. Spesielt Tarjei Vesaas gjorde sterkt inntrykk på meg, seier Hanson.

Tilfeldigvis kom ho over to artiklar i Syn og Segn frå 1972 som handla om forfattarskapen til Olav H. Hauge – ein heilt ukjend diktar for henne.

– «Ljåen», «Sleggja» og «Sagi» var dei første Hauge-dikta eg las. Desse nære, konkrete og opne dikta vekte barndomsminne om ein far som brukte ljå.

Det at ein norsk diktar skreiv om kinesiske diktarar på ein kvardagsleg og intim måte, slik som i «Kvardag» og «T’ao Ch’ien», gjorde òg inntrykk på henne.

– Dei korte dikta frå Dropar i austavind (1966) fekk meg til å gå vidare inn i diktunivers til Hauge. Eg visste det kom til å krevja tolmod, spesielt sidan eg ikkje hadde norsk som morsmål, men det var ei spanande utfordring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement