Litteratur

Ein retningslaus byvandrar

Då den danske forfattaren Helle Helle gav ut den førre romanen sin, trudde ho at ho var på veg inn i noko nytt. Det stemte, men ikkje slik ho hadde sett føre seg.

I 2019 vart Helle Helle nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen som årets roman byggjer på.
I 2019 vart Helle Helle nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen som årets roman byggjer på.
Publisert

I desse dagar kjem den nye romanen hennar på norsk. Bob er ein rikhaldig, men kort roman om ungguten Bob som saman med den namnlause kjærasten flyttar frå vesle Rødby på Lolland til København i 1985. Men han har inga retning på livet sitt, virrar mykje rundt i den framande og framandgjerande storbyen, og gradvis glir han frå den travelt studerande kjærasten, eller ho frå han.

– Etter at eg hadde skrive de, som kom på norsk for tre år sidan, trudde eg at eg hadde nådd eit vendepunkt i forfattarskapen min. Det var endå ein roman om ungdomstid i byen eg sjølv kjem frå. «No er det slutt, no har eg skrive nok om Rødby», tenkte eg. Men så fann eg ut at eg ville skrive fleire bøker som heng saman. Det nye er såleis at Bob er eit fritt framhald av de, og at det vil komme fleire frittståande romanar om dei to hovudpersonane.

Forteljaren i den nye romanen er identisk med den namnlause ungjenta som i de levde med ei døyande mor. No er ho 20 år og saman med den to år eldre bondesonen Bob. Sistnemnde er så å seie grunnen til at Helle ikkje gav slepp på Rødby.

– I den førre boka var han ein perifer person, men eg likte han godt. Så tenkte eg at han måtte få sin eigen roman, og eg var glad for at han og ho no hadde funne saman, for det burde dei gjort alt då.

Bob tek med seg levemåten frå landsbygda til København, han oppfører seg som om han var i ein liten by på landet der alle kjenner kvarandre.

– Men han blir konfrontert med det storbyurbane og må røyne at mykje er nytt og overveldande for han. Det er nettopp det boka handlar om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement