JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Ein mann av folket

Sjølv om Johannes Heggland gav ut 64 bøker og fleire sogespel i eit langt forfattarliv, meiner biografen hans at garden og naturen var det som stod han aller nærast.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johannes Heggland (1919–2008) var forfattar, historikar, kulturarbeidar, gardbrukar og ordførar.

Foto: Jane C. Jünger / Lokalhistoriewiki

8113
20210917
8113
20210917

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Med biografien Johannes Heggland. Dokumentarist og forteljar gir etnolog og førstekonservator ved Ryfylkemuseet Ernst Berge Drange nærbilete av eit forfattarliv som var både lengre og meir produktivt enn dei fleste.

Johannes Heggland (1919–2008) frå Tysnes i Sunnhordland tok til å skriva alt som 14-åring og la ikkje ned pennen før døden henta han, midt i arbeidet med det historiske tibandsverket Tusen vårar, ei krønike om liv og lagnad i Sunnhordland gjennom tusen år.

– Heggland var bonde i sinn og sjel, og det var det han ville vera. Tilknytinga til garden, som var det kjæraste han åtte, og historia og ætta var det viktigaste for han. Tysnesingane måtte alle ha ei attåtnæring, ingen kunne leva av garden åleine. Mange drog til sjøs, andre fór til Amerika. Ofte var det den yngste sonen som tok over garden, og Johannes var yngst av elleve. Men han måtte ha noko meir å leva av og la opp til at skriving skulle vera attåtnæringa hans. Han tok tidleg til å skriva, debuterte tidleg.

– Kva låg til grunn for den litterære skaparkrafta hans, som aldri syntest ta slutt?

– Han sa sjølv at ideane datt ned i hovudet på han heile tida. Stadig kjende han korleis han responderte på det han såg og det han sansa. Ofte kunne det vera ein detalj som fekk han til å sjå noko større.

– Korleis forstår du utsegna hans om at hadde det ikkje vore for Jens Tvedt, ville han ikkje blitt forfattar?

– Tvedt var landsmålsforfattar med røter i Kvinnherad, rett over fjorden. Han var den store i nærmiljøet, og så var det nok viktig at han skreiv på landsmål.

22 år gammal lanserte debutanten Heggland ein grunntanke for forfattargjerninga si: «å få syna fram for alle folket mitt og folkelivet». Biografen hans, som også har skrive fire lokalhistoriske bøker frå Tysnes, meiner at Heggland gjennom heile forfattarlivet har freista leva opp til dette.

– Eg kjenner att mange av motiva og forteljingane frå den verkelege soga i Tysnes og Sunnhordland. Han sa sjølv at han plyndra lokalsoga til skrivinga si.

Heggland fortalde at mange av dei gamle han møtte, var kunstnarar og filosofar i sitt slag, dei kunne snakka naturleg om det aller meste.

– Han henta mykje i lokalmiljøet. I utgangspunktet har eg tenkt at han kunne driva research ved kveldsetene i heimen sin. I tillegg skaffa han seg heile livet store kunnskapar ved lesing.

Eksistensielle spørsmål

Sjølv om Hegglands bøker er sterkt knytte til lokal topografi, mentalitet, dialekt og ikkje minst historie, strekar Drange sterkt under at det framfor alt er eksistensielle spørsmål som blir behandla i denne forfattarskapen, ikkje minst i dei store seriane Brødet frå havet, Seglet og vinden og Tusen vårar.

– Dette går som ei linje gjennom nesten alt han skreiv, og han gjer det svært diskré. Der han nyttar lokale emne eller tilhøve, prøver han å skriva det slik at ingen skal kjenna seg støytt.

Mykje av det han vil ha fram, kamuflerer Heggland slik at det stundom er vanskeleg å skjøna.

– Han var forsiktig og tolerant mot alle livssyn. Etter at han hadde debutert i 1941, var emissærane etter han. Då vurderte han å gi opp skrivinga, men ein venn sa at det ville ikkje Gud at han skulle gjera. I staden skreiv han to romanar om trusspørsmål, Guds åkerland og Ein mann åtte ein vingard.

Hans eige livssyn utvikla seg i retning av trua på vokstermakta, det som gjorde at våren braut fram kvart år, seier Drange.

– Med tida blei det gudsomgrepet hans. Han var svært tydeleg på at dei kristne var så opptekne av den neste verda at dei gløymde å sjå alt det vakre i denne verda. Han var nær knytt til naturen og levde i han gjennom årstidene, også gjennom dyrehaldet på garden.

Den viktigaste verdien i livet hans var å ha ein gard å stella og føra vidare.

– Han såg seg som ein del av historia, og menneskelivet som berre eit lite lysglimt, så går tida vidare.

– Alvoret er ein grunntone i denne forfattarskapen?

– I bøkene, kanskje, men privat var Heggland kjend for gode replikkar og lun humor. Romanane kan nok vera alvorstyngde, og temaa han tek opp, er alvorlege nok. Men dei er ikkje uttrykk for korleis han var av natur.

– Vi finn ein viss modernitetsskepsis i forfattarskapen, kanskje kopla med fortidsnostalgi?

– I det vesentlege er det rett. Samstundes prøvde han å seia noko om dagen i dag, litt fordekt, at menneskehjarta er det same i dag som i mellomalderen – sjølv om konteksten er ein heilt annan. Bodskapen som ligg under den seinare delen av forfattarskapen, er å leva med i naturen og voksterlivet, sjå alt det vakre som finst. Og, ikkje minst, å jobba for å vera fri som menneske, uavhengig av alt. Det ser eg som ein konklusjon på heile den prosessen han gjekk gjennom, som forfattar og menneske.

Vokstermakta

– Konfliktane mellom pietisme og frilyndt kristendom er ofte tema i Hegglands romanar. Kva låg bak?

– Han voks opp i ein kommune prega av emissærar, men rett nok i den delen av kommunen der trykket var mindre, og som emissærane av den grunn kalla «ei kald bygd». Mor hans var del av den pietistiske rørsla, faren var ein frilyndt og meir open person. I dette kryssingspunktet hadde Johannes oppveksten sin, og desse opplevingane måtte han arbeida seg gjennom. Det skjedde i skrivinga. Vi ser ei linje i forfattarskapen fram til trua på vokstermakta.

I tillegg til mykje anna var Heggland formann i Den norske Forfatterforening i tre år og ordførar i Tysnes kommune i to periodar. Der sat han òg som kommunestyremedlem i 28 år. Men partipolitikken tykte han lite om, fortel Drange, tidleg melde han seg ut av Bondepartiet. I kommunen representerte han ei bygdeliste, og på Fylkestinget møtte han som uavhengig representant. 

– I kva grad vil du seia at Heggland moraliserer i diktinga si?

– Ikkje i det heile. Han observerer og skildrar, men moraliserer ikkje. Det er eit uttrykk for den tolerante personen han var.

– Han kan skriva om naud og urett og urettferd, men ein klar politisk eller ideologisk tendens har vel ikkje romanane hans?

– Det er vanskeleg å sjå at han forfektar nokon politisk ideologi. Han ville sjølv vera fri og ønskte at folk skulle streva etter å bli frie i livet sitt. Eg kan heller ikkje sjå at det politiske arbeidet hans har fått nedslag i bøkene han skreiv. Striden om kor det nye kommunehuset skulle liggja, prega mykje av tida hans som politikar, ei tid han seinare såg attende på med lita glede.

Dokumentaristen

– Som politikar og ordførar kunne Heggland vera stridbar, han gav seg ikkje og gjekk til og med til sak mot staten. Er dette eit drag vi finn att i nokre av romankarakterane hans?

–  Han var uthaldande i alt, men i kommunehussaka gjekk det over i det ekstreme. I litteraturen kan ein tenkja på Håkå i Meisterens søner (1988), patriark og leiar av ein krins av lekmannskristne på slutten av 1800-talet. Men elles er det vanskeleg å peika på dette draget i det Heggland skreiv. Han brukte heller ikkje skrivekunsten sin til å ramma motstandarar i tida som politikar.

Johannes Heggland har aldri nådd eit større publikum enn med sogespela han skreiv, især Mostraspelet, som er sett av langt over 100.000 menneske. Biografen hans trur at dette blei svært viktig for han. At spela fekk det nedslaget dei fekk, gav han nokre store og viktige år. Her nådde han eit publikum han ikkje kunne nå gjennom romanane sine.

– I tittelen kallar du Heggland for dokumentarist. Kva ligg i det?

– At han skildrar personane sine frå eit nært perspektiv, basert på at han har opparbeidd seg stor kunnskap om korleis folk tenkte og handla i ulike periodar. Det gjer dokumentasjonen hans av folk og folkeliv truverdig. I tillegg kjem skildringane hans av periodar, stader, miljø. Han greidde absolutt å fullføra det han hadde sett seg føre: å skildra sin eigen regions liv og historie gjennom tidene og syna Tysnes og Sunnhordland fram for all verda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Han ville sjølv vera fri og ønskte at folk skulle streva etter å bli frie i livet sitt.

Ernst Berge Drange om Johannes Heggland

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis