JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Ei litterær føregangskvinne

Ho var kanskje verdas første kvinnelege hovudkritikar i ei dagsavis og korresponderte med tidas leiande forfattarar. No har Bolette Christine Pavels Larsen fått sin biografi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).

Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).

Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).

Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).

8230
20230602
8230
20230602

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

I dei mange åra Jan Olav Gatland (74) var universitetsbibliotekar i Bergen, levde han tett saman med BCPL, som var signaturen til Bolette Christine Pavels Larsen. For i bibliotekets samlingar finst mange av breva ho sende til og fekk av nobelprisvinnarane Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun, svenske Verner von Heidenstam og andre leiande forfattarar som Arne og Hulda Garborg, August Strindberg, Georg og Edvard Brandes, Amalie Skram og Hans E. Kinck. På Universitetsbiblioteket i Bergen finst også ei stor Holberg-samling og 1566 andre bind som den bibliofile ektemannen hennar, Ole J. Larsen lét etter seg, og som ho også hadde bidrege til.

Biografien Bolette C. Pavels Larsen er ikkje ei tradisjonell livssoge, men ein tematisk ordna presentasjon av det Bolette (forfattaren er på førenamn med henne) utførte og elles engasjerte seg i. Boka har undertittelen Litterær pioner og føregangskvinne. Forfattaren går jamvel så langt som til å kalle henne «litterært renessansemenneske».

– Det er store ord, og eg var litt i tvil om eg kunne ta så sterkt i. Men i det litterære feltet markerte ho seg så tydeleg som kritikar, journalist, omsetjar, forfattar, formidlar, brevskrivar, opplesar og målkvinne, at eg meiner det er dekning for ein slik karakteristikk. Og det var kvalitet i nesten alt ho gjorde.

Biografen fortel at Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904) hadde ein privilegert oppvekst som barn av den kjende Munthe-ætta i Sogn. Bolette var fødd på Kjørnes i Sogndal, men mora kom frå adelsgarden Kroken i det noverande Luster. Ungjenta fekk truleg skulegangen heime, og det er uklart kva ho blei undervist i.

Respekt og beundring

– Kva trur du bakgrunnen har hatt å seie for det seinare livsvalet hennar?

– Sjølvstende, sjølvtillit og eit godt språk hadde ho truleg med seg heimanfrå. Og ein god dose lærdom og kunnskap. At ho som ung kvinne vågde å ta kontakt med sjefredaktør Lofthus i Bergens Tidende og tidleg skreiv til tidas leiande forfattarar, tyder på det. Så kan det tenkjast at Ole J. Larsen, som ho gifte seg med i 1874, hadde kontaktar inn i Bergens litterære krinsar, som kan ha gjort vegen hennar lettare i byrjinga. Også det mektige miljøet i Vestmannalaget, som ho blei medlem av straks dei sleppte inn kvinner, kan ha vore viktig. For det er oppsiktsvekkjande, alt det ho sette i gang med tidleg i livet. 

Skal ein tru det Bolette skriv ein stad, byrja ho som meldar i BT i 1884. Men Gatland meiner at ho var aktiv der alt frå kring 1880, med usignerte bokmeldingar. Stilanalysar får han til å tru det. At ho i 1880 skriv til Strindberg og ber om å få omsetje Röda rummet, og at ho tidleg kontakta fleire forfattarar, ser han likeins som indikasjon på at ho då var aktiv som bokmeldar.

– Korleis blei litteraturkritikk skriven av ei kvinne motteken i eit utprega mannssamfunn?

– Det fanst svært få kvinnelege kritikarar på den tida. Det skulle mot og sjølvstende til å setje i gang. I og med at mange kritikkar var usignerte den første tida, rekna vel lesarane med at dei var skrivne av menn. Men etter kvart som det blei klart kven denne kritikaren var, hausta ho respekt og beundring for skrivekunsten sin. Ho hadde ei eiga evne til å sjå det eksepsjonelle og spesielle i bøkene ho las, hadde eit godt auge for litterær kvalitet og såg tidleg om ein forfattar hadde noko å fare med.

Feminist

– Kva er det som kjenneteiknar Bolette som kritikar?

– At ho så tydeleg klarte å skilje klinten frå kveiten. Ho hadde ei særeiga evne til å finne det sentrale i bøkene ho melde. Det provar ei rad brev frå forfattarar som skreiv og takka henne for nett dette. Dei var imponerte over korleis ho såg det dei hadde vilja ha fram. Ho var ein uvanleg skarp lesar og må ha lært seg ulike måtar å analysere på. Kvar ho hadde det frå, utan formell utdanning, er uråd å svare på. Men ho har jo lese – og forstått – mykje. Elles var ho svært oppteken av at bøker på landsmål skulle meldast.

– Kva for estetiske ideal heldt ho seg med?

– Ho sat ikkje fast i litterære dogme. Naturalismen var ho oppglødd for, men då den subjektive diktinga tok over, var ho klar for å tolke henne på hennar premissar. Ho var svært stilmedviten og svak for gode formuleringar. Og bøker skulle vurderast ut frå sjanger og forfattarintensjon.

Bolette verkar open for det meste, og det er vanskeleg å finne ein estetisk fellesnemnar i det ho skriv, meiner Gatland.

– Av bøker skrivne av kvinner kravde ho at dei måtte innehalde meir enn romantikk, det måtte òg finnast drøftingar av samfunnsspørsmål. Ho gjekk ikkje av vegen for å slakte bøker. Ofte er det kvinnelege forfattarar som får hardast medfart i meldingane hennar, især om dei manglar eit feministisk perspektiv.

– Var ho feminist?

– Eg trur ho var feminist i den meininga at kvinner skulle ha same rettar som menn og høve til å komme seg fram i samfunnet. Tankegangen hennar var nok feministisk, og ho kunne fremje kvinnesaka i bokmeldingane sine.

Ingen korresponderte Bolette meir med enn Hamsun. Gatland meiner at ho var svært viktig for den tolv år yngre diktaren i 1890-åra, nesten som ei mor. Tidleg såg ho straks kvalitetane og potensialet i diktinga hans og skreiv svært positive meldingar av bøkene han gav ut.

– Eg trur Hamsun fekk meir tru på seg sjølv når han såg korleis ho i kritikkane formulerte seg om bøkene hans. Ho analyserte og forklarte, og han tok det til seg og trudde at ho ikkje bløffa, sjølv om han fekk negativ kritikk av andre. Ho skreiv mykje til han når han var nedfor, og han merka at det fanst i det minste dei i Noreg som likte det han gjorde.

– Ho hadde også eit nært forhold til Arne Garborg?

– Han var nok meir av ein mentor for henne. Ho var oppglødd over diktinga hans, men ivra for at han skulle skrive alt på landsmål, ikkje på dansk. Bolette tok jo sjølv til å skrive små stubbar og forteljingar, dels på riksmål, dels på sognedialekt, og der hjelpte han henne mykje i byrjinga. Strauk alt han tykte var overflødig.

Underkjend

– Korleis vil du karakterisere den litteraturen ho sjølv skapte?

– Eg tykkjer forteljingane er lette og frie, godt fortalde, utan for mykje utanomsnakk, og ho kjem greitt til poenget. Nesten alle forteljingane er baserte på noko sjølvopplevd eller noko ho har høyrt fortalt av andre. Dei har absolutt kvalitet, men stor litteratur er det ikkje – sjølv om Hamsun skrytte svært av dei. Tidas tann har dei ikkje tolt så godt.

Bolette sette om dikt og forteljingar frå svensk. Biografen fortel at alle forfattarane ho har omsett, utan atterhald har skrytt av korleis ho har forstått og gitt att innhaldet. I botnen, trur han, låg den sikre språkkjensla og evna til å skjøne. Igjen er det tale om kor lett ho kunne trengje inn til kjernen i ein tekst. I alt sette ho om sju bøker og 30 noveller eller forteljingar.

– Ho sette ikkje om slavisk, men var heller ikkje heilt fri i høve til originalen. Det gjaldt jo òg å få god norsk på stoffet. Det meste er omsett til riksmål, men også noko til sognedialekt.

– Bolette ivra sterkt for at Garborg og andre skulle skrive på landsmål. Men nesten heile tida, også privat og når ho skreiv om landsmålet, skreiv ho sjølv norsk-dansk.

– Eg er litt skuffa over at ho ikkje nytta landsmålet meir. Rett nok måtte ho skrive meldingane i BT på riksmål. Det verkar som om ho hadde for stor respekt for landsmålet, landsmålsforfattarane var så kritiske til andre som skreiv landsmål, at ho ikkje heilt vågde seg frampå. Men eg er ikkje i tvil om at ho beherska landsmålet godt nok.

– Tykkjer du at Bolette har fått den merksemda ho fortener?

– Nei, innsatsen hennar er underkjend. Ho har ikkje fått sin rettkomne plass i litteratur- og kulturhistoria. Rett nok er ho nemnd ulike stader, men sjølv i større arbeid om norsk litteraturkritikk er omtalen oftast svært kort. At denne sognekvinna på slutten av 1800-talet var ein av Nordens mest kjende og respekterte litteraturkritikarar, eller at ho var ei unik føregangskvinne og ein av pionerane innan den nynorske skriftkulturen, er ikkje blitt verdsett etter forteneste.  

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis