Litteratur
Den velsigna løgna
Vigdis Hjorth har lenge vore oppteken av korleis vi forstår ting og hugsar dei. Det blei opphavet til den nyss utkomne romanen Femten år. Den revolusjonære våren.
Vigdis Hjorth har skrive over 30 bøker etter debuten i 1983.
Foto: Agnete Brun
Romanen er eit stille familiedrama med løgner og uuttalt maktkamp og innordning i det småborgarlege familiesystemet. I sentrum står Paula, som vi følgjer frå ho er elleve–tolv år og fram til konfirmasjonen. Ho veks opp i ein familie med sine reglar og løyndommar, og ho har ei venninne, Karen, som kjem frå friare og opnare forhold. Tida fram mot konfirmasjonen blir ei gradvis oppvakning for Paula, ein prosess som stiller henne overfor nokre eksistensielle dilemma. Det viktigaste, som går att i heile forfattarskapen, gjeld forholdet til sanninga. Det veks ut av ei skakande oppdaging jenta gjer.
– Boka handlar om å velje å leve sant. Men i eit avgjerande augeblikk lyg Paula. Er det uproblematisk?
– Nei, men ingen av oss kjem gjennom livet utan å forstille oss eller unnlate å seie heile sanninga. Den heile sanninga er ikkje like viktig i alle samanhengar. Paula driv eit skodespel for ikkje å øydeleggje for familien. Men det avgjerande er at ho ikkje lyg for seg sjølv, eller for presten eller for Gud, om han finst. Å ikkje lyge for seg sjølv, å ha ein sjølvsamtale, drøfte kva ein gjer og kvifor, meiner eg er svært viktig. For Paula blir etter kvart forholdet til henne sjølv viktigare enn forholdet til familien.
– Seier du no at det er greitt å løyse eit menneskeleg dilemma med ei løgn?
– Det er eit krevjande spørsmål. Tenk på Gregers Werle i Vildanden. Kor mykje ulykke skaper ikkje han fordi han insisterer på sanninga. Det følgjer eit ansvar med alltid å seie sanninga. I eitt tilfelle skreiv eg i beste meining brev til eit uvitande offer for utruskap. Men eg sende det aldri, av frykt for konsekvensane. Situasjonen avgjer, det finst ingen enkel regel.
– Er det forsonande at presten sjølv har funne på løgna?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.