Litteratur
Den drepande tystnaden
På fjerde forsøk fekk finske Monika Fagerholm Nordisk råds litteraturpris. Og det passa perfekt, for Hvem drepte bambi? ser ho som ein særskilt viktig roman i vår tid.
Monika Fagerholm fekk Nordisk råds litteraturpris for romanen som no er omsett til norsk.
Foto: Veronica Karlsen / NTB
Ho byrja å skrive boka tre år før metoo eksploderte, men hadde i bakhovudet ei drapssak frå heimstaden sin, Ekenäs, knapt 100 kilometer vest for Helsinki. Der blei ei tjue år gammal kvinne drepen av ekskjærasten sin, og den kompakte tystnaden om saka fekk Fagerholm til å tenkje gjennom kva for mekanismar som gjer seg gjeldande når slikt skjer.
– For første gong i forfattarskapen kjende eg eit bankande hjarte heile tida medan eg skreiv denne romanen. Det fortel meg at han var særskilt viktig. Då arbeidet var ferdig, kjendest det som ein siger. Men det er absolutt ingen dokumentarroman.
Ho seier at den kollektive tystnaden på sett og vis er forståeleg, etterpå.
– Men vi burde finne eit språk å nærme oss desse sakene med, for det finst også ei kollektiv traumatisering. Til sjuande og sist handlar det om korleis vi møter kvarandre, korleis vi ser på kvarandre.
Boka, på 260 sider, var opphaveleg på 400–500 sider, som er normalen for denne forfattaren. Men etter mykje arbeid med strukturen, godt hjelpt av forlagsredaktøren, fekk ho auka intensiteten i historia ved å kutte og kutte i teksten.
– Eg ville at denne historia skulle leggje seg under huda på lesaren, då må ho vere intens.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.