Litteratur

– Moralismen trugar litteraturen

Sjølv om Sven Anders Johansson med ei spiss­formulering har gitt den nye boka si tittelen Litteraturens slut, vil han ikkje avskrive skjønnlitteraturen enno.

Sven Anders Johansson er professor i litteraturvitskap.
Sven Anders Johansson er professor i litteraturvitskap.
Publisert Sist oppdatert

Sven Anders Johansson deler arbeidskvardagen sin mellom å vere professor i litteraturvitskap ved Mittuniversitetet i Sundsvall (70 prosent) og nytilsett litteraturredaktør i Sveriges største dagsavis, Aftonbladet (30 prosent). Yrkesvalet hans tyder ikkje på at han ser ein snarleg ende på litteraturen.

Johansson argumenterer over eit breitt spekter i den nye essayistiske boka si og er ikkje alltid samd med seg sjølv. Noko som opptek han, er korleis boka som formidlingsform taper for strøyming og andre digitale former. Kva kan det få å seie for litteraturen?

– Det eventuelle tapet av den trykte boka som formidlingsform er berre ein liten del av problematikken. I dag er litteraturen blitt digital, og val av medium er svært avgjerande. Det er behov for å skjøne kva overgangen frå trykte bøker til strøymd litteratur inneber. Som med alle tenester på nettet hentar også strøymarane informasjon frå brukarane sine. Og vi skal helst vite kva det er.

– Ser du dei nye endringane som så fundamentale at dei kan representere eit trugsmål mot litteraturen sjølv?

– Vi må vere medvitne om at litteratur ikkje er eit naturgitt fenomen som alltid vil finnast. Om premissane for litteraturen blir tilstrekkeleg endra, vil det til slutt ikkje lenger gi meining å tale om litteratur. Det er ikkje urimeleg å tenkje at vi er på veg dit i dag. Men det handlar også om litteraturens stilling i samfunnet, og ho er under sterk endring.

– Er litteraturen i ferd med å gjere seg irrelevant?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement