Lesarane som forsvann
1940: Lesarar kjem og går vidare. Johan Falkbergets store verk har gått heile vegen frå lesetoppen til den litterære slagghaugen.
LILLEBAKKEN. Han var døypt Johan Petter Lillebakken og tok namnet Falkberget etter ein fjellknaus ved Ratvolden. Her er han ved Christianus Sextus-gruva i 1953.
Foto: Museene i Sør-Trøndelag / Rørosmuseet
Då Norsk Bygdekino viste An-Magritt i 1969, fylte bonden og lastebilsjåføren på nabogarden opp bilen. Liv Ullmann i hovudrolla, ja, men det var jo Falkberget. An-Magritt var første boka i verket Nattens brød. Saman med kona til statsminister Nygaardsvold flykta han til Sverige april 1940, kom tilbake og gjorde ferdig dette episke kvinneportrettet i september. Då var det alt blitt 45 bøker frå og med 1902. Det blei 52 i alt, og 7000 stykke i blad og aviser.
Det aller meste skreiv han på Dikterloftet i 2. etasje i barndomsheimen Ratvolden to mil nord for Røros. Der heldt Anna Marie og han hus frå 1922 til ho døydde i 1960 og han i 1967. Ratvolden ligg nær gruvene på Rørosvidda, og Johan Falkberget (1879–1967) gjekk frå å vere vaskarryss i Christianus Sextus-gruva som sjuåring til å bli ertzscheider. Han levde i det landskapet han dikta så mange menneske inn i og kalla seg «de elendiges advokat».
Han skreiv, folk las.
Verka var sikre suksessar for Aschehoug. Huset ved Rugelsjøen er fylt av prov på ein litterær suksess som i det norske 1900-talet truleg berre kan jamførast med Sigrid Undset og Knut Hamsun. Prisar, diplom, respekt, medaljar, heider, beundring, ære. Etterpå kom Bør Børson på scene og film.
Litteraturforskaren Cecilie Naper har vist at Kransen av Sigrid Undset var den mest lånte bibliotekboka i 1993. An-Magritt var nr. 88 og Medmenneske av Olav Duun nr. 98. Boksal og biblioteklån skil seg frå kvarandre, men mønsteret frå 1990-åra kan kjennast att 25 år etter.
I 2019 tilbyd Aschehoug 43 Undset-utgåver, men berre fire e-bøker av Falkberget og sju av Duun, pluss to på papir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.