JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Lesarane som forsvann

1940: Lesarar kjem og går vidare. Johan Falkbergets store verk har gått heile vegen frå lesetoppen til den litterære slagghaugen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
LILLEBAKKEN. Han var døypt Johan Petter Lillebakken og tok namnet Falkberget etter ein fjellknaus ved Ratvolden. Her er han ved Christianus Sextus-gruva i 1953.

Foto: Museene i Sør-Trøndelag / Rørosmuseet

2673
20190510
2673
20190510

Då Norsk Bygdekino viste An-Magritt i 1969, fylte bonden og lastebilsjåføren på nabogarden opp bilen. Liv Ullmann i hovudrolla, ja, men det var jo Falkberget. An-Magritt var første boka i verket Nattens brød. Saman med kona til statsminister Nygaardsvold flykta han til Sverige april 1940, kom tilbake og gjorde ferdig dette episke kvinneportrettet i september. Då var det alt blitt 45 bøker frå og med 1902. Det blei 52 i alt, og 7000 stykke i blad og aviser.

Det aller meste skreiv han på Dikterloftet i 2. etasje i barndomsheimen Ratvolden to mil nord for Røros. Der heldt Anna Marie og han hus frå 1922 til ho døydde i 1960 og han i 1967. Ratvolden ligg nær gruvene på Rørosvidda, og Johan Falkberget (1879–1967) gjekk frå å vere vaskarryss i Christianus Sextus-gruva som sjuåring til å bli ertzscheider. Han levde i det landskapet han dikta så mange menneske inn i og kalla seg «de elendiges advokat».

Han skreiv, folk las.

Verka var sikre suksessar for Aschehoug. Huset ved Rugelsjøen er fylt av prov på ein litterær suksess som i det norske 1900-talet truleg berre kan jamførast med Sigrid Undset og Knut Hamsun. Prisar, diplom, respekt, medaljar, heider, beundring, ære. Etterpå kom Bør Børson på scene og film.

Litteraturforskaren Cecilie Naper har vist at Kransen av Sigrid Undset var den mest lånte bibliotekboka i 1993. An-Magritt var nr. 88 og Medmenneske av Olav Duun nr. 98. Boksal og biblioteklån skil seg frå kvarandre, men mønsteret frå 1990-åra kan kjennast att 25 år etter.

I 2019 tilbyd Aschehoug 43 Undset-utgåver, men berre fire e-bøker av Falkberget og sju av Duun, pluss to på papir.

An-Magritt hadde premiere, hadde forlaget trykt boka i nær 60.000 eksemplar. Bibliografen Hans Svenne har vist at Den norske Bokklubben trykte 32 opplag av 8 Falkberget-romanar mellom 1963 og 1985, og Samlede verker var i sitt 7. opplag i 1996. Han var blant dei største då det stoppa.

Det var ikkje slik at Falkberget gjekk til filmen og blei borte etter siste rulletekst. Det hadde noko for seg, det leiinga i Den norske Bokklubben hevda i 1970-åra. Bokklubbane nådde ut til eit publikum som bokhandlane ikkje hadde visst om. Då bokklubbsystemet gjekk i oppløysing, blei Falkbergets historiske romanar historie.

Josef Terboven utnemnde Quisling-regjeringa 25. september 1940. Same dagen sat ein mann på Ratvolden og skreiv siste setninga om An-Magritt: «Det oppreiste sinn står i loddsnorens tegn.»

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar.

Neste veke: Bøker i barnehøgd

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis