Forteljingar om frykt – russisk kvardagsliv i skuggen av krigen
Å prøve å gjere seg usynleg
At Russland er stort, har vist seg å ha ein uventa fordel.
Illustrasjon: May Linn Clement
Det som gjorde størst inntrykk på meg i førre veke, var historia om to 24 år gamle menn, Aleksandr Tsjerepanov og Ivan Korjukov frå Ural, som rømde frå varetekt i Jekaterinburg, der dei venta på å bli overførte til eit fengsel. Dei to er dømde til lange straffer for å ha planlagt eit terrorangrep. Etterforskarane meiner dei planla å sette fyr på eit militært innkallingskontor. No har den eine blitt funnen og pågripen.
Det som er påfallande, er at svært få som er tiltalte for denne typen brotsverk, går inn for å rømme. Dei er ikkje i stand til det. Stort sett er dei forvirra, fordi dei har blitt narra opp i stry. Dei har hamna i hendene på bedragarar: Dei blei lurte eller trua, dei fekk instruksjonar, og plutseleg står dei utanfor eit militært kontor eller ein reléboks langs jernbaneskjenene med ei bensinkanne i handa – utan å fatte korleis det gjekk til.
Sidan 2022 har det vore forsøk på eldspåsetjingar over heile Russland; det finst alt hundrevis av saker. Sabotasje – og uroa det skaper – har nådd sjølv dei mest avsidesliggande krokane av landet.
Eg hugsar då eg i fjor haust drog langt ut av byen for å plukke sopp. Eg gjekk langs eit jernbanespor då eg overraskande nok fekk sjå ferske plakatar på stolpane langs vegen. «Forsøk på terrorisme medfører straffansvar», lydde åtvaringa. Plakatane såg malplasserte ut i det idylliske skogkledde landskapet.
Men dette var eit sidespor. Det som overraska meg mest i historia om Tsjerepanov og Korjukov, var noko anna: I dag tar vi det for gitt at kvart steg vi tar, blir overvakt og registrert av kamera med ansiktsgjenkjenning. Du kan ikkje gjere noko utan å bli sett – ikkje eingong måle eit bilete på ein vegg, om du liker den slags. Likevel klarte dei to unge mennene, som jo var tiltalte for eit alvorleg brotsverk og heilt sikkert sat under skjerpa vakthald, å klatre ut av fengselet via taket og forsvinne i lause lufta.
I over ei veke var dei sporlaust forsvunne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.