Bok
Legg hovudet på blokka
Ida Lødemel Tvedt bokdebuterer med eit langessay som famnar breitt og djupt og er ein freistnad på å analysere samtida med eit ungt blikk.
Ida Lødemel Tvedt utfordrar seg sjølv og meiningane sine medan ho skriv.Ida Lødemel Tvedt utfordrar seg sjølv og meiningane sine medan ho skriv.
Foto: Helge SkodvinFoto: Helge Skodvin
– I boka bruker eg litteratur, for det meste frå dei siste fem åra, til å orientere meg i tid og stad. Eg fortel om folk eg har møtt og ting eg har sett på, og nyttar dei og samtidslitteraturen til å prøve å setje meg sjølv i stand til å sjå og kanskje seie noko om korleis eg opplever verda, på ein måte som kan vere relevant for fleire enn meg.
31-åringen frå Bergen har budd i USA dei siste åtte åra. Der tok ho ein tverrfagleg mastergrad i politikk og filosofi ved The New School for Social Research i New York. Men så ville ho arbeide seg ut av det akademiske språket og inn i det litterære. Dermed blei det ein Master of Fine Arts ved Columbia University. Seinare har ho undervist i essayistikk ved dei to kjende universiteta.
Førearbeid
Det vil neppe forundre nokon som les Marianegropen at Ida Lødemel Tvedt no gjer research til det ho vonar skal bli den første romanen hennar.
– Kva er din eigen posisjon i det du skriv; opplever du deg som eksilant eller ei som lever mellom to kulturar?
– Ikkje eksilant. Eg er ofte heime i Noreg, og eg er der i hovudet mitt. Men eg liker godt å bu to stader og ikkje vere heilt heime nokon stad. Då kan eg rømme til den eine staden når eg er lei av den andre. Generelt liker eg alt som er dobbelt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.