JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Lærdomar frå Afrika

Skal verda reddast frå den katastrofen ho nett no styrer mot, lyt ein sjå mot Afrika, meiner Achille Mbembe, årets vinnar av Holbergprisen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Achille Mbembe, professor i historie og politikk ved Witwatersrand-universitetet i Johannesburg og æresdoktor ved Universitetet i Bergen, har fått Holbergprisen 2024.

Foto: Chanté Schatz, University of the Witwatersrand

8837
20240322

Bakgrunn

Achille Mbembe vart fødd i 1957 i Kamerun.

Han er professor i historie og politikk ved Wits Institute for Social and Economic Reserach ved Witwatersrand-universitetet i Johannesburg.

Mbembe er utnemnd som æresdoktor ved universitet i Paris, Belgia og Noreg.

Arbeida hans er omsette til 17 språk

Forsking

jan.h.landro@gmail.com

Den 66 år gamle kamerunske professoren i historie og politikk ved Witwatersrand-universitetet i Johannesburg er rekna som ein av dei fremste intellektuelle i Afrika, han er òg den første frå den verdsdelen som får den prestisjetunge forskarprisen. For to år sidan blei han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen for måten han trekkjer linene frå kolonitida til notidas viktigaste tema på, som klimakrise, pandemi, rasisme og framandfrykt. Holbergprisen får Mbembe for banebrytande arbeid innan historie og politisk teori.

 – Kva er det Afrika kan bidra med for å utvikle verda vidare i riktig retning? Ein tekst du skreiv for fire år sidan med tittelen «The Universal Right to Breathe», er ikkje særleg optimistisk?

– Ei rad indikatorar syner at vi er i ferd med å krysse dei siste grensene for overleving på jorda. No må alle menneske sjå etter ein ny måte å bu og leve her på, finne ut korleis vi kan dele jorda og reparere henne. Då er det heilt naudsynt å rette blikket mot dei «arkiva» som altfor lenge anten har vore tapte eller ikkje er tekne alvorleg. Med det meiner eg samlinga av kunnskap og kosmogoni som gjennom hundreår er blitt skapte av menneske i Afrika for å kunne leve saman med andre livsformer. Desse gamle kjeldene for menneskeleg eksistens kan vere viktige ressursar når vi skal stake ut ein ny kurs.

– Det må du utdjupe!

– Afrika og Afrikas kosmogoni kan lære oss verdien og nytta av fredeleg samspel mellom alle livsformer, til dømes at vi ikkje kan halde fram med å øydeleggje jorda utan å råke oss sjølve. Dei gamle historiene fortel oss i kva grad lagnaden vår som samfunn og individ er tett knytt til livsformene kring oss. Det finst eit heilt sett av lærdommar som kan utgjere ein alternativ etikk, om han blir teken alvorleg. Dette ligg langt frå ideala om erobring, utvinning, utnytting – som alle endar med økologisk katastrofe.

Desse «arkiva» har funnest i tallause generasjonar, seier han.

– Somme er nedskrivne, dei fleste er munnlege og finst i mange ulike former, men også i kunstverk frå eldre tider. Diverre har svært mange av desse hamna i museum i Europa og Amerika, der dei berre blir vurderte som kunstgjenstandar, ikkje som det dei òg er – døme på ritual, seremoniar, språk. Om vi fornyar måten vi ser og lyttar på, kan vi få tilgang til denne rikdommen. Han finst ikkje berre i Afrika, men hos urfolk i mange land.

– Pesten synte kor fundamentalt sårbare vi er, og kor tett vi er knytte til andre livsformer.

Achille Mbembe, professor

Eit vasskilje

Professor Mbembe meiner at det første som må skje, er at desse museumsskattane blir førte attende til stadene der dei oppstod. Det har med rettferd å gjere, og å reparere noko som er blitt skadd, men òg at ingen kan betre tolke dei enn folk der kunsten blei til. Slik kan ein samstundes styrke undervisninga i den nasjonale kunsten og få fram dei estetiske formene som er særeigne for Afrika. Dessutan ligg mykje av denne kunsten på lager det meste av tida og har kanskje aldri vore utstilt eller forska på.

– Desse objekta er ikkje berre kunstverk, dei er kunnskapsfontener og manifestasjonar av noko som gjer at vi må gå djupare ned enn til gjenstandane sjølve, slik at dei kan fornye sambandet med opphavet sitt og utstråle det.

Mbembe ser covid-19-pandemien som eit vasskilje for menneskeætta. Pesten synte kor fundamentalt sårbare vi er, og kor tett vi er knytte til andre livsformer. Vi kan ikkje leve dersom vi held fram med å drepe desse andre livsformene. Det finst ein fellesskap mellom oss og naturen som vi ikkje kan tillate oss å oversjå. Men denne innsikta har vi ikkje teke inn over oss.

– Du har skrive om afropolitanisme, som mellom anna handlar om å overskride nasjonale skilnader for å skape fellesskap av ulike rasar. Er det ein del av det same prosjektet?

– Absolutt. Dette er òg eit uttrykk for det faktum at Afrika er ein del av verda, og at Afrika må ta sin del av det felles ansvaret for velværet på den vesle planeten vår. Vi må dele ansvaret for at verda blir buande i for alle livsformer. Det er også ein etikk som krev at vi er opne mot verda, eit krav om deling, omsorg og gjensidig respekt.

– Er det råd å identifisere ein eksklusiv afrikansk identitet eller sensitivitet?

– Det er meir tale om sensitivitet enn identitet. Eg trur ikkje på identitet, det er ein fiksjon og berre ein liten del av kven vi er. Alle saman er vi forbipasserande som lever her mellombels. Det har ikkje noko å seie kvar vi blei fødde, kva for gud vil tilber, eller kva språk vi talar.

Knusande kapitalisme

Achille Mbembe skriv om å utvikle ein humanisme der heile menneskeætta blir vurdert på like fot. På spørsmålet mitt om ikkje det er rein utopi, svarar han at i vår tid, som er så full av kynisme og likesæle, og der vi ser ein brutalitet vi trudde vi hadde lagt bak oss, er det heilt avgjerande å utvikle former for kritikk og samtale som kan fostre håp. Absolutt ikkje som illusjon eller ei ny form for romantisering, men håp i politisk og teologisk meining, ein optimisme som kan få fram det aller beste i kvar og ein. Det må til om vi skal klare å reparere den sjuke planeten vår.

– Du har sjølv skrive at demokratiske verdiar, rettar og fridommar i aukande grad blir underminerte av rasistiske, fascistiske og nasjonalistiske krefter. Korleis kan då den humanistiske ambisjonen din realiserast?

– Nett no eksperimenterer vi i små fellesskap her i Johannesburg der vi prøver å få folk til å samarbeide på nye måtar, mellom anna når det gjeld miljø. Dette er menneske som strir for det daglege tilværet. Tilsvarande eksperiment går føre seg i fleire sørafrikanske byar. Gjennom desse moralske handlingane, prega av samspel, gjestfridom og empati, kan ei rørsle bli bygd. Det meste av tida skjer dette under svært krevjande materielle tilhøve, med slike eksperiment kan vi byggje sjølvstendige former for demokrati.

– I boka Brutalism hevdar du at dagens kapitalisme knuser og dominerer alle sfærar i eksistensen vår, og at algoritmar reduserer menneske til objekt og gjer maskiner til menneske. Korleis kan ein då få til den forandringa du ynskjer?

– Først og fremst om vi er i stand til å reaktivere dei kritiske evnene våre og slik motarbeide alle former for dominans. I Johannesburg arbeider eg med eit fond for demokrati som har som ei sentral oppgåve å utvikle pedagogiske hjelpemiddel til å setje især unge menneske i stand til å styrkje og nytte dei kritiske evnene sine.

Han seier at det byrjar med å stimulere desse evnene, så går ein vidare med nye former for organisering, til dømes ved å lære dei å bruke den nye teknologien vi kan nytte i dag.

– Dette gir heilt konkrete resultat i arbeidet deira, som å skaffe hus, vinne tilgang til mat, få høve til å byggje eit bibliotek, lære folk korleis dei kan drive ein blogg og dele informasjon. Slik kan dei etter kvart vende seg mot løysinga av større problem.

Mbembe ser grunnleggjande idear i kapitalismen som heilt øydeleggjande. Tanken om at alt kan kalkulerast, at jorda står til rådvelde for utnytting, at det ikkje finst grenser for kva mennesket kan gjere. Dette står ikkje berre i motstrid til demokratiet, men også til sjølve livet, meiner han.

Dødspolitikk

For denne tenkjaren heng alt saman med alt, og spranget er ikkje stort til teorien om nekropolitikk (dødspolitikk) og nekrovald, som han skriv om i Nekropolitikk og andre essays, den einaste boka hans som ligg føre på norsk (omsett av Lene Auestad). Han meiner at det finst mange historiske døme på statar som har praktisert denne politikken, som inneber at store folkegrupper blir utsette for livsvilkår som gjer dei til «levande døde», som lever i det han kallar «dødsverder».

Då eg spør han om det ikkje er slik nekrovald vi lenge har vore vitne til i Gaza, kanskje nekropolitikk òg (sjølv om det ikkje er retta mot eigen folkesetnad), blir Achille Mbembe vag og svarar berre heilt generelt. Kanskje fordi han har vore utsett for kansellering i Tyskland, der det lenge ikkje har vore råd å ytre eit kritisk ord om det Israel driv med i Gaza.

– Du identifiserer rasisme som den viktigaste drivaren for nekropolitikk. Det må jo bety at det kan finnast til alle tider og alle stader, også i dag?

– Absolutt. Der menneske blir diskriminerte og skilde ut på grunn av rase, religion eller anna, og behandla annleis enn fleirtalet, finst nekropolitikk som eit potensial.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis