Kvinnesamling i dødsriket

Sju kvinner frå ulike land døyr og møtest i dødsriket. Der fortel dei om livet sitt – heilt fram til dødsaugneblinken.

Finske Laura Lindstedt fekk Finlandiaprisen for romanen Oneiron, som no har kome i norsk utgåve. Foto: Ottar Fyllingsnes
Finske Laura Lindstedt fekk Finlandiaprisen for romanen Oneiron, som no har kome i norsk utgåve. Foto: Ottar Fyllingsnes
Publisert

Finske Laura Lindstedt (40) har ført historia i pennen, og det har ho gjort med bravur. Først fekk ho Finlandiaprisen, som er den mest prestisjefylte litteraturprisen i Finland. Så vart ho nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Oneiron, og nyleg fekk ho seksarar på terningen i norske aviser.

Brukte åtte år

Laura Lindstedt debuterte i 2007 med romanen Sakset. Der skriv ho om ei kvinne som adopterer eit barn frå Kina, og som ikkje greier å få kontakt. Barnet snakkar eller responderer ikkje, og det endar med at kvinna vert sprø.

Like etter at Lindstedt hadde gjeve ut debutboka, byrja ho på oppfølgjaren, som ho brukte åtte år på. Ho kalla romanen Oneiron, som tyder «draum» eller «hallusinasjon» på gresk.

Oneiron handlar om sju kvinner. Shlomith frå New York er performanceartist, rekneskapsføraren Polina frå Russland er oppteken av litteratur, alkohol og dei store mysteria i livet, Rosa frå Brasil har fått nytt hjarte frå ein ung gut, rike Nina frå Marseille er gravid med tvillingar, nederlandske Wlbgis har strupekreft, Maimuna frå Senegal søkjer modellkarriere i Vesten, medan 17 år gamle Ulrike har sommarjobb i det som var Hitlers Ørnereir. Det byrjar med at Ulrike kjem til «det store inkje». Der vert ho møtt på heilt spesielt vis. Dei seks kvinnene gjev henne ein orgasme ho knapt har kjent maken til.

– Eg plasserte kvinner frå sju ulike land i verda på éin stad – i eit stort tomt, kvitt rom – etter livet. Dei visste ikkje kvar dei kom frå eller kvifor dei var der, om det var himmel eller helvete. Det var viktig at dei kom frå ulike deler av verda, og at dei ikkje snakka same språk. Til å byrja med er ikkje alle i stand til å kommunisera, men etter kvart skjønar dei kvarandre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement