Kvinnerolla i det norrøne samfunnet

Ho har gode gen, Else Mundal, (76) med ei mor som no er i sitt 103. år. Og god helse trengst når ho er ein av dei fremste forvaltarane av den norrøne kulturarven.

Professor emerita Else Mundal i stova si, med gyllenlêrstolar som ho sjølv har trekt om.
Professor emerita Else Mundal i stova si, med gyllenlêrstolar som ho sjølv har trekt om.Professor emerita Else Mundal i stova si, med gyllenlêrstolar som ho sjølv har trekt om.
Publisert

I haust flytta Else Mundal til Oslo for å vere med i eit stort internasjonalt prosjekt om Magnus Lagabøters landslov frå 1274. Landslova erstatta dei gamle landskapslovene og var ei av dei første lovene i Europa som gjaldt eit heilt land.

Den norske landslova var etter si tid ei moderne og meir rettferdig lov, og det nye prosjektet skal mellom anna granske den ideologiske bakgrunnen for lova.

– I denne lova står der meir om behandlinga av dei fattige enn det gjer i dei gamle lovene, og vi skal samanlikne landslova med samtidige svenske, danske og islandske lover, fortel professor emeritaa, som i prosjektet skal arbeide med rettane til kvinner og born og sjå på korleis fattigfolk vart behandla.

For å fremje kunnskap om lovene og områdetinga har forskargruppa alt laga podkastar som vender seg til eit vidare publikum.

Kollegaene fortel at Else Mundal spelar ei stor rolle i det norrøne miljøet.

– Også som pensjonist fungerer Else som eit nav som bind folk saman, seier Jens Eike Schnall, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement