Musikkommentar

Kvar er tankane mine?

Ei stor popstjerne har nyleg kome med nytt album. Men det verkeleg interessante er albumet som aldri kom ut. Og kvar det er.
  

Plateomslaget til Chick's Someone's ugly daughter.
Publisert Sist oppdatert

For få dagar sidan kom endeleg det nye albumet til ein artist som heile karrieren har slått rekordar og flytta grenser, både som vokalist og låtskrivar. Ho har hatt fleire listetoppar, både med singlar og album, enn dei fleste andre, og ho skriv tekstar som er vel så personlege som dei er allmenne.

Kva for ein eks som blir omtala i kva for ein song, held liv i fleire nettforum enn det gjer meining i å ramse opp. Ho framstår som ein person som nærast er musikk, med ei imponerande bredde, eit stort engasjement og ekstremt dedikerte fans både i heimlandet USA og verda elles.

Sjølvsagt snakkar eg om Mariah Carey. Sjølv om dei fleste trur ho berre er på jobb frå julemarsipanen kjem i butikkhyllene, har ho nettopp gitt ut sitt sekstande album, Here for it All, ei veke før Taylor Swift gav ut sitt tolvte, The Life of a Showgirl.

På nittitalet dominerte Mariah Carey popmusikken like massivt som Taylor Swift gjer no. Ho har framleis rekorden i flest samanhengande nummer ein-hits på Billboard. I 1994 gav ho ut albumet vi alle kjem til å gå lei av i tida framover, det reine julealbumet Merry Christmas, nesten på dagen tjue år før Swift slapp det første reine popalbumet sitt, 1989.

Den mest kjende songen derfrå, «All I Want for Christmas Is You», har fått ein ekstra boost av å vere med i julefilmen Love Actually, medan Swift-songen «Welcome to New York» har fått ein litt mindre boost av å vere med i den animerte filmen The Secret Life of Pets.

Uansett: Der Taylor Swift i ein periode spelte inn songane sine på nytt for å tvinge fram eit sal av det som heiter masterrettane, altså eigarskapen til sjølve innspelinga, har Mariah Carey ei liknande hindring å bryne seg på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement