Teater
Kvar blei det av Vamp?
Våken drøm er ei framsyning med både god bruk og «misbruk» av songskatten til Vamp.
Når Rikke Westerlund Lie mot slutten kjem svevande som «engelen» Mary McKear i klassikaren «Tir n’a noir», har kitschen nådd sitt høgdepunkt, skriv Jan H. Landro.
Foto: Sebastian Dalseide
«Menneskets historie» blir publikum lokka med. Vamps musikalske katalog rommar mykje, men ikkje så mykje – sjølv om også somme mindre kjende songar er tekne med for å skape ei historie. Men det blir likevel berre ei «historie», der kvart nummer står for seg – trass i at ein gjennom skiftande kostyme, song og dans har gjort aldri så mykje for å gi framsyninga ein større samanheng.
Og det som verre er; med kostyma, ymse effektar og ein scenografi med ein ruvande borgmur som hovudelement, rett nok godt funksjonell, må eg stundom spørje meg sjølv: Kvar blei det av Vamp? Av det Vamp som vi kjenner frå enkle konsertscener, der musikken får rå.
Mykje støy og bråk
Rett nok er musikken sjølvsagt attkjennande, om det i mange høve er skodespelarar som framfører han, og det er i musikken det som finst av raud tråd, ligg. Men rett som det er, blir det vanskeleg å kople det som skjer på scena, med det som blir sunge; her har Yngve Sundvor teke nokre grep som verkar heller lettvinte. Dei einskilde tablåa er greie nok, somme også slåande, men dei blir i nokre høve ståande som tomme skal for musikken.
Det opnar så stillferdig, nesten smålåtent, med lågmælt song av Jan Ingvar Toft og spinkel fløytelåt av Øyvind Staveland åleine framfor sceneteppet. Bjørn Kallevigs vakre «Våken drøm». Slik er også avslutninga, med meir «Våken drøm», som ei påminning om kva Vamp også kan vere – og for dei fleste kanskje helst er. Mellom desse enkle nummera er det mykje støy og bråk og spel, meir eller mindre vellykka freistnader på humor, men effektar som knapt gav noko ekstra til songane.
Eit stykke på veg blir vamparane statistar i si eiga framsyning; Herborg Kråkevik, Kristian Berg Jåtten, Monica Dybwad, Rikke Westerlund Lie og nokre til er henta inn for å «lyfte» sceneshowet. Og det gjer dei saktens òg, for dei kan både spele, danse og (især) syngje. Men når Lie mot slutten kjem svevande som «engelen» Mary McKear i klassikaren «Tir n’a noir», har kitschen nådd sitt høgdepunkt. Ein annan klassikar, «Liten fuggel», smakar mest av regipåfunn – og det skal ikkje Herborg Kråkevik ha skulda for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.