Kommentar
Kva er gale med Dyrene i Hakkebakkeskogen?
Etter at eg sjølv vart kasta ut i kulturbransjen, har eg etter kvart fått nok av skravleklassens skravleri, skriv Monica Goksøyr.
Sjølv om Bakarmeister Harepus forstyrra den kreative prosessen til Bakarguten, viste det seg at dei «mislukka» peparkakene likevel kom til nytte. Her ser me Henriette Marø som Bakarguten og Birgitte Larsen som Bakarmeister Harepus.
Foto: Erika Hebbert
Eg føler
meg ofte dum når eg les Morgenbladet. Til dømes då eg las Bernhard Ellefsens
etterlysing av kulturpolitisk vågemot i avisutgåva 21. november. Sjølv om det er lett å vere med
på den openbert rettmessige, om enn noko høgtidelege erklæringa hans av kunsten – medrekna scenekunsten – som ein «viktig resurs for å styrke fellesskapet og
medmenneskeligheten som er under så alvorlig press akkurat nå», sit eg att med
eit genuint spørsmål: Kva er gale med Dyrene i Hakkebakkeskogen?
Ellefsen vektlegg behovet for å nå teaterpublikummet «som
ikke kommer av seg selv». For
å illustrere kor håplause kulturinstitusjonane er i denne samanhengen, framhevar han særleg
Nationaltheatrets framsyning Dyrene i Hakkebakkeskogen, ein tittel han synest det er «vondt å føre
fingrene til tastene for å skrive». Kvifor Thorbjørn Egners verk er så uhyre
bakstreversk, reknar Ellefsen med er sjølvforklarande og innforstått blant
Morgenbladets lesarskare, noko eg ikkje tvilar på at det er.
Dette fører meg
tilbake til den innleiande observasjonen min: Morgenbladet får meg til å føle meg
dum.
Kven er dette etterlengta teaterpublikummet som ikkje kjem av seg
sjølv, og kvifor er det så opplagt at Morten Skogmus verkar avskrekkande på dei?
Mitt
fyrste møte med Hakkebakkeskogen kan ikkje ha vore lenge etter at familien min kom
flyttande frå Thailand til Runde på Sunnmøre, heimbygda til far min, då syster mi
og eg var høvesvis seks og tre år. Syskenbarnet til far min var på besøk
frå Oslo og kom på døra og leverte høyrespelversjonen på ein kassett som me, trass
innleiande språkutfordringar, spela til bandet rauk.
Forutan
einmannsframsyninga på bokbåten «Epos», det flytande biblioteket som kom til øya
to gongar i året, var ikkje teater eit tilgjengeleg kulturtilbod for oss som
var born på Runde rundt tusenårsskiftet. Det same gjeld for borna som veks opp i
det vesle øysamfunnet i dag, bortsett frå at bokbåten ikkje lenger finst.
Den einaste teaterversjonen av Hakkebakkeskogen me fekk oppleve, var den me
sette opp sjølve, noko me ikkje vegra oss for å gjere. Vi borna vrælte
Bamsefars fødselsdagsvise for foreldra våre, og ved eitt høve vart rollene
snudde, og dei vaksne måtte dramatisere intrigane til skogsdyra for oss. Både eg og
mi thailandske mor har brukt det same kostymet ho sydde til rolla som Brumlemanns
ekornven. Sterkast inntrykk gjorde likevel den røslege snikkaren Gunnar Gundersen (og ja, dette er det ekte
namnet hans) i rolla som Bestemor Skogmus. Prestasjonen stod kanskje ikkje til fem
stjerner i Morgenbladet, men utløyste ståande applaus på Runde bygdeteater.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.