Russland
Russisk chatrulett
Kunnskap og visdom kan ligge langt frå kvarandre.
Teikning: May Linn Clement
Då den lange russiske nyttårsferien nærma seg slutten, besøkte eg ein eldre slektning. Han bur i ein einebustad i utkanten av byen. Helsa hans er dårleg, så han går sjeldan ut, alle nyhende får han frå internett, og dei fleste han møter, møter han på Chat Roulette, ein app der folk som ikkje kjenner kvarandre frå før, blir kopla saman i videosamtalar.
Eg er svært glad i denne slektningen og liker å treffe han. Mange russarar som har eit kritisk forhold til krigen, synest det er vanskeleg å omgåst eldre familiemedlemmer. Eg har ikkje brukt ei heil spalte på det, men har nemnt at mange eg kjenner, har det slik.
Sjølv familiar der alle hadde eit godt forhold til kvarandre, har blitt oppløyste på grunn av krigen. Folk som tidlegare stod kvarandre nær, kallar kvarandre fascistar eller forrædarar og bryt kontakten. I media er det mange saker med råd om korleis ein kan snakke med eldre familiemedlemmer utan å skape øydeleggande konflikt.
Slik er det ikkje i mitt tilfelle, men det er heller ikkje lett, for slektningen min ikkje er på Chat Roulette utan grunn. Han oppsøker ukrainarar og liberale som han prøver å «opplyse». Han er overtydd om at hjernen deira er forderva av vestleg propaganda, og at viss han får forklart dei korleis ting «verkeleg» heng saman, så vil dei straks bli prorussiske.
Det går ikkje særleg bra, men han får i det minste skjerpa evna til å debattere.
Vi har eit uttrykk: sofakrigar. Det blir stort sett brukt nedsettande, om folk som meiner dei veit betre enn andre korleis soldatar bør oppføre seg på slagmarka, sjølv om dei aldri har sett ei slagmark. Slektningen min er ein sofakrigar i meir bokstaveleg forstand: Han ser på seg sjølv som ein slags soldat i informasjonskrigen. Basen hans er stova i utkanten av byen, og våpenet er ein berbar PC med internett. Slagmarka? Chat Roulette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.