Nye Epstein-dokument

Frå ståstaden til gjerningspersonane

Fleire millionar nye Epstein-dokument er offentleggjorde. Har vi fått vite noko nytt? Den vonde gjennomgangen viser at gjerningspersonane alltid var ute etter å vise fram makta si. Kjendisar og offer er berre rekvisittar.

  

Jeffrey Epstein saman med Ghislaine Maxwell. Biletet er teke under ein pressekonferanse i New York i 2020 då tiltalen mot Maxwell vart kunngjord. Ho var tiltalt for å ha medverka til seksuell utnytting av mindreårige jenter i Epstein-saka.
Publisert Sist oppdatert

«No er alt offentleggjort, det vil ikkje kome meir», sa den amerikanske visejustisministeren Todd Blanche på fredag.

Då hadde justisdepartementet nett publisert 3,5 millionar sider med dokument, 2000 videoar og 180.000 bilete på heimesida si.

Dette var resten av det materialet som styresmaktene samla inn under etterforskinga av Jeffrey Epstein og den tidlegare kjærasten hans Ghislaine Maxwell, som var medskuldig i saka.

Sidan er det nok mange som har dykka ned i det enorme materialet på leit etter «Donald Trump» eller andre kjende namn. Det kan òg handle om ein kikarmentalitet eller eit ønske om å leike detektiv.

Kanskje vil ein løyse mysteriet rundt Jeffrey Epstein, som hengde seg på cella si i New York i 2019: Ein tidlegare mattelærar svingar seg opp til å bli finansrådgjevaren til nokre av dei mest vellukka mennene på Wall Street, og tener fleire hundre millionar dollar. Han byggjer nettverk og omgjev seg med verdsberømte kunstnarar, forskarar og forretningsmenn. Og i fleire tiår misbruker han tallause mindreårige jenter og svært unge kvinner, snakkar ope om dette med nære vener og tilbyr jentene til venene sine.

Korleis var dette mogleg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement