USA

Snødronninga

Innanriksminister Kristi Noem har vore frontfigur for dei omstridde ICE-operasjonane i USA. Vil presidenten no ofre den norskætta hundedreparen?

Kristi Noem møtte pressa i hovudkvarteret til Federal Emergency Management Agency (FEMA) i Washington D.C. 24. januar. Ho fekk mykje kritikk for måten ho la fram forløpet for drapet på Alex Pretti på.
Publisert Sist oppdatert

Det var noko instrumentelt over innanriksminister Kristi Noem der ho stilte seg framfor pressa på ettermiddagen laurdag 24. januar. Trong dongeribukse, blå uniformsjakke. Inga nøling, ingen mimikk, issmalt blikk, og så ein presis straum av velovervegde ord. 

Ho innleidde med å snakke om vinterstormen «Fern»  som bygde seg opp over Sambandsstatane, men det var ikkje derfor eit fulltalig pressekorps hadde møtt opp i hovudkvarteret til den nasjonale foreininga for krise- og beredskapsleiing, FEMA, i Washington DC. 

Dette ser ut som ein situasjon der eit individ kom til staden for å skape maksimal skade mot individ, og drepe tenestepersonar.

Kristi Noem

Dei var komne for å høyre Trump-administrasjonens offisielle syn på den fatale hendinga i Nicollet Avenue i Minneapolis sju timar tidlegare, der sjukepleiaren og demonstranten Alex Pretti (37) blei skoten og drepen. Eller som ho valde å ordleggje seg: «då ordensmakta gjorde si lovpålagde plikt for å trygge amerikanarane mot trugselen frå ulovlege, kriminelle innvandrarar».

Kristi Noem har fått ansvaret for å halde ulovlege immigrantar ute frå USA. Her er ho ved grensa mellom Arizona og Mexico.

– Klokka 09.05 central time utførte Department of Homeland Security ein målretta operasjon mot ein ulovleg innvandrar med valdshistorikk – vald i nære relasjonar med kroppsskade til følgje, ordensforstyrring og køyring utan gyldig førarkort, fortsette ho. 

Og her gjeld det å merke seg val av ord: målretta aksjon, valdshistorikk.

– Eit individ nærma seg politiet med eit ni millimeter halvautomatisk handvåpen. Politiet forsøkte å avvæpne han, men den væpna mistenkte reagerte valdeleg. I frykt for eige liv og for livet til kollegaene avfyrte ein agent skot i sjølvforsvar. Medisinsk personell kom straks til og forsøkte å gje medisinsk hjelp, men han blei erklært død på staden.

Den avlidne hadde to fulle magasin og ikkje identifikasjonspapir, la ho til.

– Dette ser ut som ein situasjon der eit individ kom til staden for å skape maksimal skade mot individ og drepe tenestepersonar.

Ikkje vike

Ho hadde utført jobben som ho var sett til, og framført bodskapen frå presidenten og sjefstrateg Stephen Miller: vere konsekvent og utan atterhald forsvare handlingane. Ikkje vike, ikkje vedgå feil, stå steinstøtt og – om høvet byr seg – angripe. Denne taktikken har vore modus operandi for administrasjonen sidan presidentinnsettinga i januar 2025. Ja, eigentleg har dette alltid vore Donald Trumps modus, heilt frå han slo seg opp som profilert eigedomsinvestor på Manhattan på 1980-talet.

Men mobilvideoane av drapet på Alex Pretti fortalde ei anna historie enn den Kristi Noem la fram denne laurdagen. Jo, Pretti var væpna, men pistolen hans låg i hylsteret, og det var først etter at våpenet var tatt frå han, at ICE-agenten fyrte av dei ti skota. 

Demokratane reagerte med avsky på Kristi Noems framlegging og truga ho med riksrett, men dei har sabelrasla så lenge at ingen lenger bryr seg. Men no meinte også enkelte republikanske senatorar at ICE hadde gått for langt. Kristi Noem måtte få sparken. 

Også i folket var vinden i ferd med å snu, og president Donald Trump vêra skiftet. Måndag kveld møtte ho på Det ovale kontoret, og dei sat saman i nær to timar. 

Ville ho få sparken? Nei, svara han.

Kristi Noems politiske merkevare er ranchgirl. Her er ho med på innsamling av bisonar i Sør-Dakota.

Telemarksblod

Skriv du «kristi noem» i søkefeltet på Google, vil du få følgjande forslag: «kristi noem før», «kristi noem alder», «kristi noem ung», «utan sminke», «ice», «hund» og «norge». 

Og lat oss utdjupe nokre av desse søkeforslaga. 

Mykje har skjedd sidan Kristi Noem blei kåra til snødronning i Sør-Dakota i 1990.

Kristi Noem blei fødd i november 1971 i Watertown, og denne byen ligg på den bølgjande prærien nordvest i Sør-Dakota. Over 10 prosent av innbyggarane i delstaten oppgjev at dei har norsk opphav, og Kristi Noem er ein av dei. Mora Corinne Bergans familie ættar frå Telemark og Rogaland, mens faren Ronald Arnold er hovudsakleg av tysk ætt.

Kristi vaks opp på ein gard i Hamlin County, der familien dreiv med storfe, ranch, men òg mais, soya og kveite, farm. Det er som ranchgirl ho har bygd sitt politiske varemerke: hestar, lêrbelte med store spenner, fasanjakt, friluftsliv, fridom, konservative familieverdiar og tøffe val. Ho likar å stå fram som ei som ikkje skyr ubehagelege avgjerder.

Då ho gjekk siste året på Hamlin High School, var ho distriktets kandidat til Sør-Dakotas Snow Queen, ein slags missekonkurranse. Den gongen hadde ho blondt krøllete åttitalshår.

– Dei var ikkje ute etter det beste intervjuet eller kven som heldt den beste talen, men ein allsidig person som kan handtere ulike situasjonar, sa ho om kåringa i januar 1990. 

Som Sør-Dakotas snødronning reiste ho rundt som delstatens ambassadør og fekk røynsle med å snakke offentleg. Ho knytte kontaktar, og stipendet ho vann, fekk ho inn ved Northern State University. Mens ho studerte statsvitskap, gifta ho seg med klassekameraten Bryon Noem frå vidaregåande.

Ulukka

I mars 1994 arbeidde faren Ronald heime på garden saman med sonen. Dei lasta korn av ein binge, men kornstraumen stansa opp. Ronald klatra ned i bingen, kornet fall ned over han, og han blei kvelt. Ronald Arnold blei 49 år.

«Veit du at det er draumen min å få andletet mitt på Mount Rushmore?» Eg begynte å le, men han lo ikkje. Han var gravalvorleg.

Kristi Noem

– At pappa døydde, knuste heile familien, sa Noem seinare i et radiointervju med Christian Broadcasting Network. 

Ho avslutta studia og reiste heim for å hjelpe til på garden. Og så fødde ho born: Kassidy (1994), Kennedy (1997) og sonen Booker (2002).

Booker var fire år då ho i 2006 blei vald inn i delstatsforsamlinga i Sør-Dakota. I 2010 rykte ho opp på føderalt nivå, og i åtte år sat ho i Representanthuset i Washington. Ho arbeidde for strengare abortlover, var skeptisk til at klimaendringane var menneskapte, og var mot Obamacare og Natos intervensjon i Libya. Ho har ei litt morosam historie frå det første møtet med president Donald Trump i Det ovale kontoret, der samtalen ifølgje eit videointervju gjekk slik: 

– Han sa «Kristi, kom hit. Ta meg i handa.» Eg tok han i handa og sa: «Herr president, du må kome til Sør-Dakota ein gong. Vi har Mount Rushmore.» Og han sa: «Veit du at det er draumen min å få andletet mitt på Mount Rushmore?» Eg begynte å le, men han lo ikkje. Han var gravalvorleg.

Vil Donald Trump bli den femte presidenten på Mount Rushmore? Han har spøkt med det, men meiner han det? Her frå eit besøk til Sør-Dakota i juli 2020.

I 2019 blei ho guvernør i Sør-Dakota, og ho var den første kvinna i denne posisjonen. Sør-Dakota er ein tolerant delstat når det gjeld våpenlovgiving, faglege rettar og finansreguleringar. Dei har heller ikkje delstatsskatt. 

Når det gjeld abort, likekjønna ekteskap og transrettar, er det ein konservativ stat, og ved førre val fekk Donald Trump 63,34 prosent av røystene. 

Slagordet til delstaten er «Under God the people rule», som i Sør-Dakota tyder at ein kan gjere som ein vil, så lenge ein ikkje plagar andre. 

Under pandemien ignorerte Kristi Noem mange av dei føderale råda om munnbind og sosial distanse, og ho påla heller ikkje folk karantene eller isolasjon.

– Vi kjem ikkje til å avgrense fridomen til innbyggarane i Sør-Dakota med uamerikansk politikk. I vår stat gjeld det at «under Gud styrer folket». Og det er slik vi vil ha det så lenge eg er guvernør.

For den oppviglerske covidpolitikken blei ho lønt med fem minutts taletid på landsmøtet til republikanarane. Talen på Republican National Convention i 2020 blei eit nasjonalt gjennombrot, og ho blei lansert som ein potensiell kandidat til visepresident. 

Men så skreiv ho bok.

Berre ein hund

Kristi Noem sat i Representanthuset i Washington DC i åtte år.

No Going Back: The Truth on What's Wrong with Politics and How We Move America Forward er ein blanding av sjølvbiografi og politiske visjonar. Det var her ho fortalde om pointeren Cricket. Ein livleg og ustyrleg jakthund som aldri tok stand, men i staden jaga fasanane. Ho forsøkte å dressere hunden med elektrisk halsband, men til inga hjelp. Då Cricket tok for seg av naboens kyllingar, og drap dei ein etter ein, var tolmodet slutt. Kristi Noem leidde Cricket til eit grustak og skaut ho.

«Det var ingen hyggeleg jobb, men det måtte gjerast», skriv ho i boka. For ho var det eit døme på handlekraft og eit døme på tøff realisme på ein gard; nokre gonger må ein gjere det som er ubehageleg. I staden vekte ho avsky og fordøming frå hundeelskarar over heile USA. Og diskvalifiserte seg som ein mogeleg visepresidentkandidat.

Andletet

Og så til dette med utsjånaden. At amerikanarar fiksar på andlet med plastisk kirurgi, er ikkje uvanleg, noko Joe Biden er eit døme på. Nei, det har aldri vore offisielt stadfesta, men det er noko «alle» veit. Skodespelarar, nyhendeopplesarar, artistar, politikarar, ja, blant offentlege figurar i det heile er det aksept for at ein strammar og fyller på for å sjå ung og vital ut. 

Kristi Noem har fått mykje merksemd, for det er ein synleg forskjell frå då ho blei guvernør første gong til slik ho ser ut i dag. Trumpification er ordet New York Times nyttar om transformasjonen av Kristi Noem og andre i MAGA-kretsen. Eit anna omgrep er Mar-a-Lago-andlet, og her er det ikkje diskret og knapt merkbare kosmetiske inngrep, men eit hyperfeminint kvinneideal med langt hår og openberre, overdrivne inngrep som gjev ein kunstig og virtuell utsjånad.

Ein taper litt i mimikk og livnad, men vinn mykje i sjølve verknaden.

Mar-a-Lago-andlet er eit omgrep som har breitt om seg. Her er Kristi Noem på ein pressekonferanse i Las Vegas.

– Eit godt menneske

Blant republikanarane har Kristi Noem vore blant dei mest populære i staben til Donald Trump. I september sa 69 prosent at dei hadde tiltru til jobben ho gjorde, berre slått av presidenten, visepresidenten og utanriksminister Marco Rubio. 

I desse dagar fell ho på fleire målingar, og det er blitt spådd at ho kan bli ofra for å skape ro i rekkjene. Så langt har Donald Trump halde hendene sine om ho, seinast på søndag. Han var om bord i Air Force One på veg til Palm Beach og gjekk som vanleg bak i flyet for å svare på spørsmål frå utvalde journalistar.

– Korleis synest du innanriksministeren har handtert sakene den siste tida?

– Ho er strålande. Eg meiner, vi har fått til mykje. Vi har tatt knekken på tusenvis av drapsmenn og mordarar og alt mogleg anna, fjerna dei frå landet vårt i titusenvis, og vi har ein kriminalitet som er den lågaste i historia. Du veit, eg fann ikkje på det med kriminaliteten; det kom nett fram i går at vi har den lågaste kriminaliteten i heile historia til landet vårt.

– Så korleis gjer ho det?

– Eg synest ho gjer det bra, og ho er eit godt menneske. Ho arbeider hardt.

 Kjelder: New York Times, The Guardian, Fox News, CNN, Forbes og USA Today

Drapsstatistikk

Når det gjeld kriminalitet, siktar president Donald Trump truleg til årsrapporten til Council Criminal Justice (CCJ) frå 2025. Rapporten viser at talet på drap (homicide) fall 21 prosent frå 2024 til 2025 i eit utval på 35 store amerikanske byar (om lag 922 færre drap). Viss same utviklinga slår ut i nasjonale tal når FBI kjem med full statistikk, kan 2025 hamne på rundt 4,0 drap per 100.000. I så fall vil det vere den lågaste drapsraten som er registrert i dataa som går attende til cirka 1900.