Kunstnarleg «fredspropaganda» i krigens Noreg
Kan ein krigførande nasjon skape målarkunst for fred? Dei tyske okkupantane meinte visst det. I alle høve slik Einar Økland ser saka.
Total julefred: Berre harmoni når jula stundar til. Alfred Eckart har lagt vekk alt som kan minne om krigs- og misstemning.
Bilete frå boka.
Under tittelen Norwegen, schönes Land har Økland samla tyskprodusert biletkunst som var meint å verke som det han kallar «roande bedøvingsmiddel», mynta på massespreiing. Og om du lurer på kvar han har henta materialet sitt frå, gir svaret seg sjølv: Litt meir enn 99 prosent kjem frå eiga samling. Kvar elles?
Forfattaren minner om at tyskarane kom hit som vener, dei ville berre assimilere Noreg i Det storgermanske riket. Dei såg jo at nordmennene hadde eit prima arvestoff og hadde levd det rette, germanske livet. Alt som stod att, var å la den gamle vikingnasjonen gjennomgå ei Verdeutschung eller fortysking.
Propagandakompani
Hitler meinte alvor, også på dette området. Alt i 1938 hadde han oppretta eigne, militære propagandakompani, der tusenvis av tyske journalistar, forfattarar, fotografar, filmfolk, teiknarar og målarar blei samla og tildelte propagandaoppgåver. Saman med troppane som hærtok Noreg i 1940, sende han ein skokk med målarar som skulle følgje okkupasjonen. Oppgåva deira var likevel ikkje å dokumentere den militære framgangen, til det hadde dei fotografar, men å lage kunstnarlege skildringar av Noreg. Skildringar som skulle vekkje gode kjensler hjå tyskarar og lokka dei til Noreg med tanke på å busetje seg her.
– Under krigen?
– Absolutt. Vi skulle jo bli storgermanarar alle. Vi skulle integrerast og bli som okkupantane. Som vi veit, blei tyske soldatar oppmoda om å setje born på norske kvinner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.