Reportasje
Kunsten å få anatomien med på notane
BERGEN: Då Leif Ove Andsnes nærma seg femti år, oppdaga han at kroppen hadde noko han ville seie om musikken.
Treverk, teknikk, tangentar og tankar: Alt må fungere om musikken skal verte slik Leif Ove Andsnes vil ha han.
Foto: Kai Flatekvål
–Hendene er heilt essensielle.
Leif Ove Andsnes held hendene sine opp framfor seg der han sit ved flygelet. Sjølvsagt sit han der, han er blant dei beste nolevande konsertpianistane i verda, og sjølvsagt har han eit flygel i stova i tillegg til øvingsflygelet på loftet.
Han innrømmer at det ikkje er her han øver, men her han sit mellom anna når han har journalistar på besøk, litt for fotografen sin del og litt fordi det jo er yrket hans vi skal snakke om, og flygelet er arbeidsreiskapen hans.
Speleteknikk
Dette flygelet er trefarga og har patina, og vi byrjar å snakke om kor krevjande det tørre vêret for tida er for treverket i flygelet, for instrumentet som skapar kunst, er jo eit slagverkinstrument sett saman av levande tre og hamrar som slår på strengar, seier pianisten.
Og no når det er så tørt, påverkar det så klart treverket, for sjølv om kunsten er uavhengig, ja, nokon vil seie guddommeleg, er han også fysisk, og det gjeld ikkje berre i instrumentet, men også i kunstnaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.