JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstKultur

Når kunsten vert farleg

Kva har eit augeblikksbilde på Instagram til felles med eit figurativt tresnitt på 1930-talet og ein vase som er laga for fleire tusen år sidan?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Darija Kuzjmytsj (f. 1991): «The most precious moment of this year» (2022), fotografi.

Foto: Dariia Kuzmych

6761
20230901
6761
20230901

Personane på hovudbildet lener seg over bordet for å klinke glasa mot kvarandre når dei skålar. Bordet bognar av mat, men motivet er ikkje så festleg som det ser ut til ved første augekast. Den ukrainske kunstnaren Darija Kuzjmytsj (f. 1991) la ut dette bildet på Instagram i desember 2022 med teksten «The most precious moment of this year». Dette var første gong sidan krigen det hadde lukkast familien å samle seg i heimbyen Kyiv.

På grunn av bombinga er tilførselen av elektrisitet ustabil i store delar av Ukraina. Då bildet vart teke, hadde straumen gått, og ei lommelykt heng i taket som provisorisk belysning. Det svake lyset skaper ei draumeliknande stemning. Bildet gir eit innblikk i korleis det er å leve med krig. Her får vi eit gløtt bakanfor avisoverskriftene om krigshandlingane, og inn i ein intim og nær situasjon. Her vert dei kvardagslege gledene, familien og samhaldet løfta fram som dei viktigaste verdiane. Bildet fortel om eit ukueleg mot, korleis ein så enkel ting som å ete eit måltid saman vert ei heroisk handling.

Farleg kunst

Ukraina har lange tradisjonar for protestkunst. Etter at ukrainarane vart del av Sovjetunionen i 1922, fekk dei, til liks med russiske kunstnarar, prøvd seg på den halsbrekkande akrobatikken å ytre seg i eit regime med sterk sensur og stor vilje til å setje i verk brutale straffereaksjonar. Utover 1930-talet vart delar av den ukrainske kultureliten rett og slett avretta, i tillegg til dei mange som døydde i den menneskeskapte hungersnauda i 1932–33.

Sofija Nalepinska-Bojtsjuk (1884–1937): «Svolt», grafikk. Trykket er del av ein serie som skildrar hungersnauda som ramma Ukraina så hardt i 1932 og 1933.

Rett før desse katastrofale tilbakeslaga hadde ukrainsk kunstliv ein heftig og intens blomstringsperiode. Under første verdskrig var mange involverte i kampen om sjølvstende for Ukraina, kombinert med forhåpningane om ei betre tid etter revolusjonen i 1917, skapte det grobotn for ein særskild energi. Den strenge sensuren under tsarregimet vart avløyst av nytenkjande og vitale uttrykk innanfor både figurativ og abstrakt kunst. Denne jublande frie renessanseperioden ebba ut då Ukraina vart del av Sovjetunionen i 1922. Krava om ein statskontrollert kunst fekk mange av dei ukrainske modernistane til å rømme landet. Dei hadde ingen planar om å vere reiskap for å kaste glans over revolusjonen i eit tradisjonelt formspråk.

Ukrainarar i eksil kom til å få stor innverknad på europeisk kunst. Ein av dei var målaren Aleksandra Ekster (1882–1949), fødd og oppvaksen i Ukraina. Ho var ein av grunnleggarane av den dekorative stilretninga art deco. Ekster var også føregangskvinne for avantgarderørsla tidleg på 1900-talet, særleg kjend for måten ho smelta kubisme saman med italiensk futurisme på. Stillebenet viser korleis ho eksperimenterte med eit klassisk oppsett av flaske, glas og frukt. Gjenstandane er skildra med forenkla geometriske former. Ho har samstundes sin heimlege vri, ikkje minst gjennom paletten med kraftige og klåre fargar inspirert av ukrainsk folkekunst.

Aleksandra Ekster (1882–1949), «Stilleben», 1913, 68 x 53 cm.

Foto: Museo Nacional Thyssen-Bornemisza, Madrid

Aleksandra Ekster slo seg ned i Paris og slapp såleis unna utreinskingane på 1930-talet, som råka mange av kunstnarane som vart att i Ukraina.

Den store terroren

To av dei som vart avretta av sovjetregimet, var det ukrainske ekteparet Mykhajlo Bojtsjuk (1882–1937) og Sofija Nalepinska-Bojtsjuk (1884–1937). Sofija Nalepinska-Bojtsjuk er særleg kjend for tresnitt der ho i stilisert figurativt formspråk skildrar kvardagslege, rurale scener. Fleire av bilda har eit politisk tilsnitt, som trykket «Svolt». Her står ei uthungra mor saman med dei radmagre barna sine. Mest som i ein draum står ei kvinne mellom dei i overnaturleg storleik. Ho har med seg mjølkespann og ei korg med brød, og ho er i ferd med å hjelpe eit barn med å drikke frå koppen sin. Trykket er del av ein serie som skildrar hungersnauda som ramma Ukraina så hardt i 1932 og 1933, utløyst av Stalins tvangskollektivisering av landbruket.

Mannen hennar, Mykhajlo Bojtsjuk, såg på fornyinga av bysantinsk kunst som si livsoppgåve. Den energiske kunstnaren var aktiv i Ukraina, München og Paris, og han hadde mange studentar. Han var mellom anna ein av grunnleggjarane av det ukrainske kunstakademiet, der han underviste i freskomåleri og mosaikk. Han laga mengder av monumentale utsmykkingar med form og innhald som vart viktige for ukrainsk identitet.

I 1936 vart begge kunstnarane tiltalte for spionasje og kontrarevolusjonær aktivitet. Året etter vart dei avretta ved skyting. I åra etter vart kunsten deira luka vekk frå museum og samlingar, og destruert, dei mange utsmykkingane til Mykhajlo Bojtsjuk vart hogde vekk. Kunsten deira skulle raderast ut av medvitet til folk. Det er tankevekkjande at det også i dag er svært vanskeleg å finne fotografi av verka deira, medan nettet er fullt av foto av kunstnarar som berga seg ut av landet i tide.

Arkeologisk sensur

Den klamme sensuren gjaldt ikkje berre samtidskunst, han skulle endåtil verte styrande for korleis eldre kunst skulle oppfattast. Også arkeologi skulle nyttast til propaganda. Eit karakteristisk eksempel er måten Cucuteni-Trypillia-kulturen skulle formidlast på. Denne unike kulturen hadde si stordomstid mellom 5500–2750 f.Kr. i området rundt elvene Dnestr og Dnipro i dagens Romania, Moldova og Ukraina.

Dette var ein avansert kultur med nokre av dei eldste døma på byutvikling i verda. I sovjetperioden vart kulturen feilaktig framheva som eit klasselaust samfunn med parallellar til marxistisk ideologi. Forskarar som våga å utfordre denne svakt grunngitte påstanden, risikerte å bli stempla som fiendar av Sovjetunionen, noko som kunne få særs alvorlege følgjer.

Dette var med på å lamme forskinga i fleire tiår. Først etter samanbrotet av Sovjetunionen i 1991 vart det råd å dokumentere ukrainsk kultur og å rekonstruere og bevare historiske bevis. Men dette arbeidet tek tid, enno er det altfor lite kunnskap om Cucuteni-Trypillia-kulturen. Det er også eit stort etterslep på fotodokumentasjon. Det finst få gode bilde av gjenstandane som er funne i utgravingar.

Keramisk vase frå Cucuteni-Typillia-kulturen.

Foto: National Museum of the History of Ukraine, Kyiv, Ukraina

Eit håp i det digitale

Undertrykking og traumatiske hendingar har såleis påverka generasjon på generasjon av kunstnarar så vel som dei som skriv om kunsten, og såleis innskrenka rommet dei har hatt til å uttrykkje seg. I dei seinare tiåra har kunstlivet igjen vakse seg stort og sterkt, og mange kunstnarar har fått fotfeste internasjonalt.

Den russiske invasjonen skaper såleis eit enormt tilbakeslag. I ein krig der Russland prøver å trøytte ut den ukrainske befolkninga til ho gir opp, kan kunsten vere med på å setje mot i folket. Mange kunstnarar arbeider derfor digitalt, det vert heilt avgjerande å nå vidt ut.

Eva Furseth er kunsthistorikar og fast kunstmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis