JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstKultur

Ein slags kulturkrig

Kampen mellom Russland og Ukraina strekkjer seg òg inn i kunstverda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Var han russar eller ukrainar? Sjølvportrett av kunstnaren Kazimir Malevitsj, ca. 1910.

Illustrasjon henta frå Wikipedia

2263
20220520
2263
20220520

Kunst

peranders@dagogtid.no

Finst det ein ukrainsk nasjon og ein ukrainsk kultur? Om vi skal tru Vladimir Putin, er svaret nei. I det offisielle verdsbiletet til Kreml i dag er Ukraina berre ein del av den russiske kultursfæren, og Ukraina har ingen rett til å vere ein sjølvstendig stat. Ukrainarar flest er neppe samde med Putin, og for mange ukrainarar har det blitt viktig å få fram at Ukraina har ein kunstnarleg og kulturell identitet som skil seg frå den russiske.

Eit døme på dette strevet er eit digitalt initiativ kalla The Shadows Project, «Skuggeprosjektet», der ukrainske studentar nyttar ulike digitale medium til å kjempe mot det dei kallar «det kulturelle åtaket» frå Putin på heimlandet deira.

Del av kampen

Initiativtakaren Katarina Butsjatskiy seier til The Art Newspaper at det å spreie kunnskap om ukrainsk kultur er ein del av kampen mot Russland. «Så mykje av historia og kulturen vår er ikkje tilgjengeleg for oss på grunn av historisk undertrykking», seier Butsjatskiy. Ho meiner ukrainsk kultur dels har blitt halden nede både i Russland og Sovjetunionen, og dels har blitt feilaktig framstilt som russisk kultur.

Uklar identitet

The Shadows Project arbeider på fleire frontar: Gruppa formidlar ukrainsk kultur og tradisjonar til unge ukrainarar gjennom digitale medium som Instagram. Studentane vil òg få fram at ukrainske kunstnarar blir framstilte som russiske i galleri og museum ute i verda. Ein av dei er avantgardisten Kazimir Malevitsj (1879–1935), som Museum of Modern Art (Moma) i New York omtalar som ein russisk kunstnar (og engelsk Wikipedia kallar ein «polsk-ukrainsk russar»). Han var fødd i Kyiv da byen låg i det russiske imperiet, men skal ha sett på seg sjølv som ukrainar. Ved hjelp av sosiale medium prøver The Shadows Project å få Moma og andre museum til å erkjenne at Malevitsj var ukrainsk.

Gruppa arbeider òg med å lage eit digitalt oppslagsverk for ukrainsk kultur og historie. Etter den russiske invasjonen av Ukraina i februar har The Shadows Project engasjert seg i den fysiske verda òg. Dei samlar inn pengar til støtte for kulturinstitusjonar i Ukraina som har vore påverka av krigshandlingane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis