JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstKultur

Ein kompromisslaus forsvarar av kunsten

Som ny direktør og sjefkurator for Astrup Fearnley Museet vil Solveig Øvstebø gjere endringar i både samlinga og utstillingspraksisen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Solveig Øvstebø kjem frå stillinga som direktør og sjefkurator for samtidskunstmuseet The Renaissance Society i Chicago.

Foto: Astrup Fearnley Museet

10187
20200626
10187
20200626

Museum

janh@landro.bergen.no

Fleire kvinner, meir mangfald, norske utstillarar, grundige separatutstillingar. Dette er noko av oppskrifta til Solveig Øvstebø, som sjølv skal lage dei to utstillingane på Astrup Fearnley neste år.

Etter sju år som direktør og sjefkurator for det amerikanske prestisjemuseet The Renaissance Society, «The Ren», i Chicago er Øvstebø tilbake i Noreg og Astrup Fearnley Museet i Oslo. 47-åringen er ikkje den som snakkar om tilboda ho har fått, men det er kjent at fleire «tunge» institusjonar i USA, Europa og Skandinavia, også i Noreg, har vore ute etter denne internasjonale kapasiteten.

Då ho sa ja til direktørjobben i Chicago, var det ein føresetnad at ho også skulle vere sjefkurator. Slik har ho også fått det på Astrup Fearnley.

– For meg er det viktig å kunne ha tett kontakt med kunstnarane.

Tett dialog

Øvstebø er ikkje den einaste som skal lage utstillingar på Astrup Fearnley, men dei to første som kjem etter Gunnar Kvarans sjefperiode, skal ho sjølv ha ansvaret for.

– Utstillingsarbeidet er basert på tette samtaler med kunstnarane. Slik skjønar du kunstnaren betre og kan formidle verka betre. Det verkeleg spennande er når du opplever at det betyr noko for kunstnaren å få lage akkurat den utstillinga for den institusjonen.

– Ligg det ikkje ein fare i det tette samarbeidet, at du som oppdragsgivar påverkar produksjonen av det kunstnaren skal syne i museet?

– Eg ser ikkje meg som medskapar av kunstverka, heller ein tilretteleggjar for kunstnaren og den kunstnariske prosessen. Men vi skal ikkje syne berre heilt nye arbeid. Retrospektive utstillingar har også sin plass. Kunstnarane fortel oss kva dei har lyst til å gjere, så innrettar vi oss etter det.

– Korleis skil arbeidet i USA seg frå det i Noreg?

– Eg kom til ein institusjon der ingen spurde om besøkstal, sjølv om økonomien skulle vere sunn. Til gjengjeld var dei faglege krava til kva eg skulle levere av kunstnarisk program, ekstremt høge. Eg blei skjerpa som fagperson og teoretikar. Og fundraising var noko heilt anna der enn det vi er vane med her i landet.

Kunsten og marknaden

På «The Ren» fekk Øvstebø ikkje berre laga vanlege utstillingskatalogar, men heile bøker. Ho inviterte akademikarar, filosofar og skribentar til både å presentere kunstnaren historisk og å skrive grundige analysar av dei heilt nye kunstverka i utstillinga. Noko tilsvarande kan ho tenkje seg å gjere på Astrup Fearnley, men slikt kostar pengar.

– Korleis vil du beskrive kunstsynet ditt?

– Som ope innanfor det profesjonelle kunstfeltet. Men eg er nok ikkje så oppteken av kunstnarskap, som eg føler har fått ein oppblåsen marknadsfunksjon, der nerven har sleppt litt taket, og det kanskje bikkar over i underhaldning og opplevingskultur. Marknaden og kunstscena er vovne i kvarandre. I kryssingspunktet mellom dei kan du også finne dei sterke røystene som gjer sine eigne greier trass i at marknaden har «teke i» dei.

– Har kunstsynet ditt endra seg dei siste 10­–15 åra?

– Ikkje så mykje. Det er nok blitt meir pragmatisk, i den forstand at eg ser at fleire element kan ha sanning i seg. Det var nok meir lukka før. Eg har lært meir, lytta til folk eg respekterer.

Solveig Øvstebø er ikkje redd for å hevde at kunsten har ei viktig rolle i samfunnet. Oppgåva er ikkje nødvendigvis å redde verda, men kunst kan få oss til å sjå verda på ein annan måte. Kunsten har eit språk som er hakket meir komplekst enn det gjennomforklara og drøvtogge, eit språk som lèt deg øve på å akseptere at du ikkje forstår.

– Skal vi forstå alt, kan det føre til fastlåste oppfatningar og at vi distanserer oss frå kvarandre. Om vi aksepterer at vi ikkje kan forstå alt med ein gong, kan det bringe oss nærmare kvarandre. I vår tid er det ein tendens til å forenkle og gjere ting kjapt. Der er kunsten ei motrøyst.

– Er du framleis like kompromisslaus motstandar av det instrumentelle kunstsynet som før?

– Absolutt. Eg er oppteken av at kunsten skal få rom, at han er uavhengig og fri. I USA er det mykje press frå marknaden, men samtidig var det kunstnariske programmet mitt i Chicago forbausande verna mot innblanding frå mektige donatorar og andre. I USA er det sett ned på om ein donator prøver å påverke ein kurator. På «The Ren» silte dei kven dei ville ha inn i styret, for å vere trygge på at eg fekk den fridommen eg skulle ha.

Eksperimentering

– Du skal finansiere utstillingar på ein institusjon som er avhengig av billettinntekter. Kan ikkje det komme til å påverke synet ditt på instrumentalitet?

– Eg vil gjerne formidle så mykje som råd til så mange som mogleg. Museet skal vere ope og tilgjengeleg for alle, og alle skal kjenne seg velkomne. Men programmet skal setjast opp utelukkande på kunstnariske premissar, og så vil vi leggje til rette for dialogar mellom publikum og kunsten ved å skape ulike inngangar til verka.

Øvstebø fortel at grunnfjellet i finansieringa av Astrup Fearnley Museet er pengar frå to private stiftingar som samla utgjer om lag 50 prosent av inntektene. Så får dei ein million i statsstøtte, og resten, bortimot 50 prosent, er eigeninntekter frå billettsal og sponsorat.

– Kva er visjonen din for museet?

– Eg vil at Astrup Fearnley skal vere ein institusjon der folk merkar at kunsten står i sentrum, at kunstnarane sine røyster blir klare og gode. Ein stad der publikum får kontakt med ideane kunstnarane har hatt, og der også fagfeltet blir inkludert. Dersom du berre vil sjå verka, utan ein bråte med tekst, er det greitt. Ønskjer du meir informasjon, vil det òg vere tilgjengeleg.

– Lovar du å spare oss for dei jålete, bortimot komplett uforståelege tekstane som øydelegg så mykje av den moderne formidlinga?

– Eg lovar at vi vil jobbe hardt for å både gjere tekstane forståelege og få med djupna i verka.

– Har du eit mandat som leiar av Astrup Fearnley?

– Vi står i ein overgang frå privat eige til stifting, med ein struktur som liknar meir på den andre museum har. No skal eg føre dette skipet inn i den hamna.

– Kan du vere like kompromisslaust eksperimenterande som du har vore i Bergen og Chicago?

– Ja, men det er først og fremst kunstnarane som skal eksperimentere. Romma i museet er utfordrande, men ein god kunstnar kan gjere spenstige ting ut av dei. Arkitekturen er ein del av utstillinga og må reknast inn i det som blir gjort.

Bacon-sal

Som det fulle namnet røper, er Astrup Fearnley også eit museum. For Øvstebø, som fortel at samlinga rommar 1300–1400 arbeid av til dels svært høg kvalitet, blir museumsforvaltning ei ny erfaring. Men høvet til å arbeide i ein institusjon som har ein kunsthall på den eine sida og eit museum på den andre, synest ho er heilt fantastisk.

– Folk flest anar knapt kva som finst i samlingane. Vil du gjere dei digitalt tilgjengelege?

– Ja, på sikt. Det er ein stor jobb som vi ikkje har økonomisk ramme til no. Vi er 15 tilsette og har eit årleg budsjett på 50 millionar, som skal dekkje løn, samlingsforvaltning, utstillingsproduksjon og formidling.

– Har du tenkt å gjere noko med museets nesten «heilkvite» og temmeleg maskuline samling?

– Ja, og dette vil komme heilt naturleg fordi det finst så mange fantastiske kvinnelege kunstnarar og kunstnarar som arbeider frå ein større, global kontekst. Samlinga er flott, med store hovudverk, men når eg no skal lage ein strategi for arbeidet framover, vil mangfald vere eit viktig fokus.

Solveig Øvstebø vedgår at ho blei ikkje glad då ho i fjor fekk vite at det var gjort vedtak om å selje museets Francis Bacon-måleri «Triptych Inspired By The Oresteia Of Aeschylus» denne sommaren. Men ho ser at salet også gjer det lettare for henne å skape større breidd og mangfald i samlinga.

– Dette er noko ein også ser på mange av verdas viktigaste museum. Vi må la éin stor kar gå, mot å få inn breidda. Eg håper at stiftingane som finansierer museet, ikkje ser seg tvinga til fleire sal framover. Sjølv om vi skal vere lydhøyre for det nye, må vi også ta vare på grunnmurane i museet.

– Vil mangfaldet også komme til syne i utstillingsverksemda?

– Absolutt. Min første utstillar er ei kvinne, og vi skal presentere eit drygt tiår av produksjonen hennar. Utstillinga opnar 28. januar 2021, meir kan eg ikkje seie enno.

Kompromisslaus

– Du har svært gode kontaktar i den internasjonale kunstverda; vil du halde fram med å dyrke den internasjonale, især amerikanske, profilen museet har hatt, eller inkludere meir av den norske samtidskunsten?

– Eg vil lage utstillingsprogram som syner kva som skjer på den globale scena i dag. Det ligg i premissane for institusjonen at han skal stå med føtene godt planta i Noreg, men sjå utover. Eg likar å jobbe med soloprosjekt, slik at kunstnarskapane og tematikkane deira kan få det rommet dei treng, for å seie noko. Sjølv om museet har eit internasjonalt fokus, blir det viktig å knytte seg opp mot det norske. Det handlar både om å ha dialog med det norske fagfeltet og å stille ut norske kunstnarar. Vi har spennande kunstnarar her i landet, også slike som ikkje har vore presenterte overalt.

– Kva for rolle ser du at Astrup Fearnley kan ha i den norske og den internasjonale kunstverda?

– Det vi kan bidra med, er både å jobbe fram nye arbeid og presentere kunstnarskap i stor breidd og djupn. Vi skal produsere dedikerte og kompromisslause prosjekt. Og eg håper vi kan få til gode samarbeid utanfor Noreg, slik at vi kan få syne prosjekta våre der. Eg ønskjer at museet skal delta i den internasjonale samtalen om kunst gjennom forsking, publisering, føredrag, seminar eller anna, der vi også inviterer internasjonale kapasitetar til å delta.

– Kva styrer valet av kunstnarar som du ønskjer å gi utstillingsplass i museet?

– Dels personleg mage- og hjernekjensle, dels ein institusjonell tankegang med omsyn til kva som kjennest relevant både i samfunnet og på kunstscena. Eg prøver å vere på utkikk etter kunst som har evna til å setje inn eit trykk, levere eit spark, estetisk eller på anna vis.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I USA er det sett ned på om ein donator prøver å påverke ein kurator.

Solveig Øvstebø, direktør og sjefkurator

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis