Kulturkommentar

Kunst og kriminalitet

På verdsbasis er kunstforfalsking eit stort og aukande problem.

  

«The Old Palace of Whitehall», Hendrick Danckerts (1625–1680).
Publisert

Visste du at Michelangelo starta karrieren som kunstforfalskar? På slutten av 1400-talet hadde kunstsamlarane auge for gresk og romersk antikk. Samtidskunstnarane, derimot, sleit med å vekke den same begeistringa.

Kanskje var det ein av grunnane til at ein kunsthandlar oppmuntra Michelangelo (1475–1564) til å lage ein skulptur som kunne passere som romersk? Den unge og framleis ukjende kunstnaren var svært blakk på denne tida. Dette kan vere ein medverkande faktor til at han faktisk vart med på leiken.

Sovande eros

I 1496 hogde han derfor ut ein sovande eros etter inspirasjon frå romerske skulpturar. For å få erosen til å sjå gamal ut, det var trass alt over tusen år sidan antikken, vart skulpturen lagd i eit surt jordsmonn. Når seljaren syntest at overflata såg sånn passe forvitra ut, vart skulpturen seld til ein kardinal. Det viste seg at denne samlaren hadde god greie på romersk kunst, og avslørte narreriet. Men i staden for å straffe Michelangelo såg kardinalen det store potensialet, og tok han med til Roma. Resten er historie, og den sovande erosen vart meir skatta enn han nokon gong ville vorte om han faktisk hadde vore romersk. Til slutt hamna erosen i det kongelege palasset Whitehall i London, der han forsvann i ein øydeleggjande brann i 1698.

Idoliserte forfalskarar

Det er gjerne slike historier vi assosierer med kunstforfalsking, talentfulle og misforståtte, som på nærast heroisk vis klarer å lure den arrogante kunsteliten. Men dei aller fleste svindelsakene viser eit heilt anna og meir smålåte bilde. Som regel er økonomisk vinning den drivande faktoren, medan det er litt meir sparsamt med kunstnarleg talent.

På verdsbasis er kunstforfalsking eit stort og aukande problem, men det også lett å finne eksempel i Noreg. Vidare skal vi sjå på to norske eksempel som viser ulike måtar kunst kan verte forfalska på. Tilfeldigvis er begge svindlarane er fiskehandlar.

Den utrøyttelege forfalskaren

Den 48 år gamle Osloborgaren levde av å selje røykelaks til Tyskland, men selde kunst ved sida av. Gong på gong viste kunsten seg å vere falsk. Då han møtte i Oslo byrett (no Oslo tingrett) våren 1994, var han alt straffa fem gonger for liknande lovbrot. Denne gongen var han skulda for forfalsking av heile 17 verk.

Etterlikning av Johannes Rian, kjend som Johs. Rian (1891–1981). Bildet er ingen direkte kopi, men måla i stilen til kunstnaren.

Å skumme fløyten

Eitt av bilda som vart viste fram i retten, er etterlikninga av den trønderske målaren Johannes Rian (1891–1981). I rettssaka kom det fram at forfalskaren hadde måla to slike bilde heime på kjøkkenet. Rian er kjend for dei enkle, vakre fargekomposisjonane sine. Dei kan verke enkle å forfalske, men når du ser dei ekte bilda, så vert skilnaden svært stor.

Måleria vart selde til ein mann i Stavanger som nedbetaling for eit mobilt gatekjøkken. Då kjøparen oppdaga at bilda var falske, klaga han. Då fekk han to måleri av Weidemann som kompensasjon. Men det viste seg at handelsmannen hadde måla desse også.

Frå lovleg til ulovleg

Eit anna bilde frå same sak er denne etterlikninga av «Fiskergutten». Originalen er måla av Hans Heyerdahl (1857–1913) og heng i Lillehammer Kunstmuseum. Handelsmannen hadde kjøpt bildet på lovleg vis i ein brukthandel. For det er fullt lovleg å kopiere måleri, og mange gjer dette for å øve seg. Det er også lovleg å selje ein slik kopi, så lenge det vert opplyst om at dette er ei etterlikning. Det er først når ein forsøker å lure nokon til å tru det er ekte vare, at transaksjonen er straffbar.

I tingretten vart handelsmannen dømd til fengsel i eitt år og ni månader. I tillegg måtte han betale erstatning til dei mange fornærma i saka. 

Kopi eller original?

I 1957 fekk bildehoggaren Anne Marie Grimdalen (1899–1961) ein urovekkande telefon. Ein gallerist hadde fått inn ein bronseskulptur med signaturen hennar, men han syntest det var noko som ikkje stemde. Kunne Grimdalen kome innom og sjå? Då Grimdalen kom til galleriet, såg ho fort at dette var ei dårleg avstøyping av hennar «Orrhane». Dette var endåtil eit verk som ho sjølv åtte den einaste versjonen av. Det vart støypt ved eit kunststøyperi i Oslo i 1942.

Galleristen varsla politiet. Politiet snakka med eigaren, ein mann på 52 år, også han fiskehandlar. Til store protestar vart skulpturen beslaglagd. Medan «Orrhane» var hos politiet, la fiskehandlaren skulpturen ut for sal i ei osloavis. Dette førte til at han vart tiltalt for å forsøke å selje eit kunstverk som han visste var falskt.

Etterlikning av: Hans Heyerdahl (1857–1913), «Fiskergutten», 1887. Lillehammer Kunstmuseum eig originalen.
Etterlikning av Anne Marie Grimdalen, «Orren spelar», 1942, bronseskulptur. Originalen er i privat eige. Versjonen er truleg støypt i sand etter ein bronseskulptur. Derfor er detaljane grove, særleg halepartiet er klumpete i forma. I tillegg er signaturen falsk og årstalet feil. Skulpturen vart laga i 1942, ikkje i 1944.

Medan politiet nøsta opp saka, dukka fleire falske orrhanar opp. Det viste seg at to handverkarar ved kunststøyperiet hadde laga to ekstra eksemplar i løynd. Den eine støyparen tok fuglen sin med seg då han utvandra til Venezuela, og var ikkje til å få tak i. Den andre tilstod, men var usikker på kvar det vart av denne fuglen. Han nekta bestemt på at han hadde laga versjonen som fiskehandlaren åtte, til det var handverkskvaliteten altfor låg. Politiet fann aldri ut kven som hadde laga den avstøypinga.

Då saka kom opp i Oslo byrett to år seinare, var forvirringa stor. Det verka slett ikkje som om retten anerkjende skilnaden mellom ei avstøyping som var bestilt av ho som hadde laga sjølve verket, og avstøypingar som var laga utan at ho visste om det. Enden på visa var at ingen vart dømde, men skulpturen til fiskehandlaren vart inndregen utan vederlag.

Kunst og tillit

Falsk kunst handlar ikkje berre om økonomisk svindel, men går på tilliten laus. Slike saker går hardast utover kunstnarane, som i hovudsak lever under låginntektsgrensa.