JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kultursluket

Sandnessjøen sa ja til ny storstove i byen, Kulturbadet, og nei til auke av eigedomsskatt. Men kulturhuset har vorte eit pengesluk, og eigedomsskatten er auka for å dekkje utgiftene. Andre kommunar fylgjer same praksis.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå opninga av Hamar kulturhus i 2014. Kommunen måtte låne 300 av dei 700 millionane kulturhuset kosta.

Foto: Hilde Mortvedt / KUD

9524
20170421
9524
20170421

Kulturhus

ronny@dagogtid.no

Det nærmar seg politisk val i Noreg, og eit tema som skaper stor debatt, er eigedomsskatten. Om somme parti seier dei vil fjerne skatten, viser tal frå SSB at det ikkje er så fort gjort. Skatten har vist seg å vera svært så kjærkomen – så kjærkomen at norske kommunar har dobla inntektene sine frå eigedomsskatt med seks millionar på ti år. Kvifor? Helgelandskommunen Alstahaug, som ligg i Noregstoppen i eigedomsskatt til bustadeigarar, gjev oss eit svar: kulturhus.

I 2015 fekk Alstahaug si storstove – Kulturbadet, som er ei samlokalisering av symjehall, kino, bibliotek og konsertsal i éin bygning i Sandnessjøen. Prislappen var 300 millionar kroner. Kommunen innførte skatt på eigedomar i 2010. I dag er skattesatsen sett opp frå 3,9 til 4,5 promille. Skatten på ein einebustad på 120 kvadratmeter ligg i dag på 8708 kroner. Det er den tredje høgaste i landet. I Dovre og Gran ligg eigedomsskatten på høvesvis 770 og 950 kroner, dei er mellom dei billigaste i landet. Landsgjennomsnittet ligg på 3785 kroner.

Ordførar Bård Anders Langø (Ap) sa dette til VG om kulturhuset i Sandnessjøen for eit par veker sidan: «Etter min mening bygde vi det utrolig billig, og har fått mye igjen for pengene. Men for en kommune på 7.500 innbyggere blir det jo tøft.»

For dei som har fylgt med på prosessen over mange år, kjem tala ikkje som ei overrasking. Om kulturhuset var «billig», kjem an på augo som ser. Heilt frå starten av har det vore uvisst om kommunen ville klare kostnadene. Spørsmålet om eigedomsskatt i høve til kulturhus har òg dukka opp tidlegare, og politikarane har vore tydelege: ingen auke på skatten. Men slik blir det altså ikkje. Alstahaug kommune er ikkje åleine om denne utviklinga; vi tek kommunen som eit døme.

Nei til skatt

Alt i 2006 kom det krav om «besinnelse» knytt til etablering av eit kulturhus kombinert med symjehall i Alstahaug. Alternativet den gongen var eit mindre badeland på Stamnes, utanfor Sandnessjøen. Eit kulturhus meinte mange ikkje var naudsynt, for kommunen var i ferd med å få igjennom Petter Dass-museet som opna i 2007 – utbygginga kosta 84 millionar kroner, finansiert av Nordland fylkeskommune, Kultur- og kirkedepartementet, Alstahaug kommune og næringsliv. Det vart lagt eit par kilometer utanfor Sandnessjøen sentrum, ved Alstahaug kyrkje.

Det kom likevel vedtak om bygging av kombinasjonsbygget midt i Sandnessjøen sentrum. Men alt før opninga av kulturbadet kom det ei sjokkmelding i lokalavisa, Helgelands Blad: Det er knapt pengar til drift av bygget: Dei tre fyrste åra må kommunen bruke 2,5 millionar mindre enn planlagt.

Kulturhuset i Sandnessjøen vart likevel opna hausten 2015.

Alt året den nye storstova opna dørene, kom den sure svien. Kommunen hadde lånt store summar til bygging, og hadde ei gjeld på 750 millionar. No galdt det å kutte i budsjett og hente pengar annanstads frå.

September same år spør lokalavisa: «Vil de auke inntektene ved å auke eigedomsskatten?» Ordførar Langø svarar nei, tvert i mot: skatten har ikkje stege ei krone sidan han vart innførd i 2010, og han skal heller ikkje aukast. Avisa stilte dei andre partia same spørsmålet: Alle svara nei, berre SV kom med eit atterhald: Om naudsynt kan eigedomskatten på verk og bruk bli auka.

«Bankerott»

Eitt år seinare var den økonomiske situasjonen endå verre. På Kommunal Rapports måling, Kommunebarometeret, fall Alstahaug innan økonomisektoren frå 73. plass for 2012 til 385. plass i 2016. Kommunen hadde hamna som nummer sju på gjeldstoppen i Kommune-Noreg. Gjelda på 750 000 millionar hadde vorte ein milliard, fordi politikarane hadde vedteke å låne nye 350 000 kroner.

«Vi er ett steg nærmere bankerott», sa Stig Tore Skogsholm frå Høgre til Helgelands blad, desember 2016, og heldt fram: «Hvert eneste år har posisjonen lukket øynene og tatt minste motstands vei. Den fører oss nærmere Robek.»

Lokalavisa banka atter ein gong på døra til ordføraren og spurde om eigedomsskatten. «Det har vært et diskusjonstema. Men vi ser også på økning i eiendomsskatten som et usosialt tiltak på lik linje med halv eller hel plass i SFO,» sa ordførar Bård Anders Langø (Ap) til Helgelands Blad desember 2016. Det var altså ingen veg utanom.

I tillegg kom det kutt i ei rad postar på kommunebudsjettet: Ein teater- og kulturverkstad for born er kansellert, det kom kutt i overføringar til friviljuge lag og foreiningar. Kulturskolen i Sandnessjøen miste 50 elevplassar, og korps, kor og orkester miste den økonomiske stønaden til kjøp av dirigent og instruktørar.

«Ut med badevatnet»

«Å helle barnet ut med badevannet», heiter det i Helgelands Blad om kutta. Men desse kutta er tydelegvis heller ikkje store nok. Det kjem fleire, og dei gjeld primære behov i kommunen: Til sumaren vil Alstahaug kommune stengje SFO for å spara tre millionar. Men det blir mogeleg for foreldra sjølve å kjøpe heil plass.

I skulen skal det brukast færre kontaktlærarar – dette blir innført i år 2017 og får heilårseffekt i 2018. Det blir færre elevar per lærar på vaksenopplæringa, det blir reduksjon av opningstidene i kommunale barnehagar og så vidare.

Men Kulturbadet må òg ta ein del av støyten: Billettprisane går opp.

I tillegg kjem ringverknadene på andre verksemder i kommunen: Siste nytt er at Sandnessjøen Fjernvarmeanlegg gjekk på et negativt resultat i 2016. Det gjorde dei fordi dei rekna med at Kulturbadet ville bruke meir energi enn det reelt gjorde. Minuset er på 906.000 kroner, og no bed dei kommunen spytte inn meir pengar.

«Verdens verste»

Den store ironien er at kulturhuset i byrjinga skulle gagne kulturlivet og lokke folk til å flytte til staden – i tråd med teoriane om den kreative klassen, knytt til den amerikanske urbanitetseksperten Richard Florida. Det handla òg om å gjera seg attraktiv for oljenæringa i regionen. Men Helgeland har fått opplevd same krise som Rogaland: I dag er halvparten av oljejobbane i kommunen tørka bort.

Men effekt er på mange vis motsett: Vedtaket om sumarstengd SFO skaper sinne og frustrasjon «Det er til å grine av. Aleneforeldre og folk som er tilflyttet eller mangler nettverk som kan passe barn», seier ein nytilsett sjukepleiar ved Helgelandssykehuset til lokalavisa.

«Alstahaug, verdens verste kommune», heiter ein innlegg som stod på trykk i same blad desember 2016, skrive av «13 år». Men dette som bakteppe er det ikkje så rart å lesa kva debatten i avisa har handla om i vinter: Kva er gjennomsnittsalderen på politikarane som innførde kutta for born og unge? 51 år. Og gjennomsnittsalderen på politikarane som var imot? 43 år, altså småbarnsforeldre.

Alstahaug kommune har lenge hatt planar om både ny skulebygning og ny sjukeheim. Det må dei nok vente lenge med.

Milliardar til kultur

Dei seinaste tiåra har det eine etter det andre kostesame kulturhuset vorte reist. 13.553.000.000 kroner – det er summen på norske kulturhus som er bygde eller under planlegging i perioden 2003–2019. Det mest ekstreme er Stjørdal, med 22.000 innbyggjarar, som unner seg eit kulturhus til 717 millionar kroner.

Aftenposten tok i mars 2014 Hamar kulturhus som eit døme på dei økonomiske utfordringane eit kulturhus medfører: Hamar kulturhus kosta 697 millionar kroner. Med ein slik kostnad satsa kulturhuset på eit storinnrykk frå dei rundt 30.000 innbyggjarane sine. Kulturhuset trur nemleg på 1900 besøkjande kvar einaste dag. Skal reknestykket gå opp, må kvar 15. innbyggjar besøkje kulturbygget kvar dag.

Men reknestykket gjekk ikkje opp i Alstahaug kommune. Det går heller ikkje opp andre stader: I Bodø ligg den årlege skatterekninga på ein einebustad på 120 kvadratmeter på 9996 kroner i snitt. Bodø har den tvilsame æra å vera på topp på statistikken over dyre kommunar. Men så er kulturhuset deira òg mellom dei dyraste i landet, med ein prislapp på 1,2 milliardar. Hamar er elles òg oppe mellom dei ti dyraste kommunane, med 7800 kroner i eigedomsskatt.

Det skal her strekast under at auken i eigedomsskatt ikkje berre går attende til reising av kulturhus. Kommunen sør for Alstahaug, Brønnøy, ligg om lag på same nivå: 8750 kroner for ein einebustad på 120 kvadratmeter. Politikarane der seier auken skuldast generell dårleg drift av kommuneøkonomien i ei årrekkje, men samtidig planlegg dei kulturhus, og dei tek mogelegvis høgd for det i auken.

Samanhengen mellom auke i eigedomsskatten og kulturhus er framme i andre fylke òg: Kulturverket Flammen til 140 millionar kroner opna nyleg i Nittedal. Der opererer dei òg med høg eigedomsskatt. I Fredrikstad har debatten om eigedomsskatt ei anna form. Der er kulturhuset i byen friteke for eigedomsskatt, fordi lokalet er eigd av kommunen, medan Litteraturhuset i Storgata må betala skatt sidan det er eigd gjennom selskapet Restauranteiendommer.

Eit siste døme er Moss kommune. I handlingsplanen for dei neste fire åra, som kommunen presenterte i juni i fjor, heiter det at dei vil auke eigedomsskatten for å få råd til å ikkje berre byggje ny skulebygning på Hoppern, men òg til å reise kulturhus. Der er sit mellom anna Høgre, som jo er skeptiske til eigedomsskatt, ved makta, men her seier dei ja til ekstraskatt til kultur. «Høyre og Ap i luksusfellen», lyder ein kommentar i Moss Avis i april i år.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den store ironien er

at kulturhuset i

byrjinga skulle gagne

kulturlivet og lokke

folk til å flytte

til staden.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis