Kunst

Kritikk mot Nasjonalmuseet

– Ein kan ikkje kalle seg nøytral og samstundes berre fortelje éi side av saka, seier Geir Egil Bergjord.

  

Rådhusplassen med Nasjonalmuseet i bakgrunnen.
Oslo 20250321. Rådhusplassen i Oslo.Foto: Lise Åserud / NTB
Publisert Sist oppdatert

Noa Eshkols tekstilverk «Mourning Carpet (after the Ma’alot School Massacre)» frå 1974 vart kjøpt inn i 2022 og montert i utstillingsrom 76 på Nasjonalmuseet i mai 2025. Temaet for verket er sorg etter eit palestinsk angrep som førte til at 31 sivile israelarar vart drepne.

I rom 76, med tittelen «På barrikadene», var det frå før verk av norske kunstnarar med stort politisk engasjement, som Per Kleiva og Kjartan Slettemark, saman med kunstverk som viser samisk rettighetskamp. På Nasjonalmuseets heimeside kan me lese: «I ‘På barrikadene’ (rom 76) rettes søkelyset mot den politiske og aktivistiske kunsten som vokste fram i 1960- og 70-årene. Dette er protestenes og frigjøringskampenes æra.»

Kunstnaren Victor Lind, som har norsk far og amerikansk-jødisk mor, har nytta både panelsamtalen «Kunst og makt», på Kunstnernes Hus (7. september 2025) og fleire debattinnlegg i Kunstkritikk til å kritisere Nasjonalmuseet for ikkje å skilje mellom kunstnarisk ytringsfridom og legitimering av folkemord og for å formidle Israels offisielle versjon av okkupasjonen av Palestina.

Nasjonalmuseets direktør, Ingrid Røynesdal, og konstituert samlingsdirektør Yngvill Sjöösten har på si side kalla Linds påstandar for grove. Dei påpeiker at «Nasjonalmuseet skal være en arena for et stort spekter av kunstneriske ytringer, og vi har en viktig rolle i å verne om den kunstneriske ytringsfriheten». (Kunstkritikk 12. september 2025). (Les tilsvaret frå Røynestdal nedst i saka.)

Fleire debattinnlegg støttar Lind, mellom anna eit innlegg skrive av professor i kuratorpraksis Anne Szefer Karlsen (Kunstkritikk 22. september 2025) og kunstnar og leiar av Den Nasjonale Jury Hanan Benammar (Kunstkritikk 29. september 2025).

No har også Geir Egil Bergjord, styreleiar i Norske Billedkunstnere (NBK), valt å delta i debatten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement