Kulturkommentar

Kritikaren – kunstnaren sin beste venn?

Denne veka er Lori Waxman i Stavanger med prosjektet «60 word/min», der ho skriv såkalla korte, seriøse kunstkritikkar i ein performance på 25 minutt per tekst. Kan det gå bra?
   

Lori Waxman jobbar konsentrert med live-kritikken sin på Sølvberget, Stavangers bibliotek og kulturhus, medan publikum kan følgje ord for ord på skjermen.
Publisert Sist oppdatert

Alt frå forlag til museum kan rose sitt eige produkt opp i skyene, og du kan bruke pengar på reklame, men ingenting trumfar andre sin ros, gjerne av ein kulturmeldar med god kunnskap og integritet. Ein meldar treng i tillegg evna til å stå i den skitstormen det kan vere å komme med kritiske innspel. Eitt eksempel er diskusjonen som oppstod blant både kritikarar og filminteresserte når den no Oscar-vinnande filmen Affeksjonsverdi fekk sprikande kritikk. Diskusjonen var forfriskande på mange vis, men avslørte også at enkelte hevdar at det finst ein «rett» måte å oppleve kunst og kultur på. 

Kulturkritikk kan ikkje jobbe etter eit prinsipp der alle skal bli nøgde.

I Stavanger har me no fått introdusert endå ei løysing: å ikkje meine noko som helst.

Originalt konsept

Måndag denne veka dukka den kanadiskfødde kunsthistorikaren og kunstkritikaren Lori Waxman opp på Sølvberget, Stavangers bibliotek og kulturhus, for å skrive live kunstkritikk i ein maraton på ti tekstar per dag, over tre dagar. Bak invitasjonen står Stavanger kunstmuseum og Stavanger Aftenblad, støtta av Stavanger kommune. Arrangementet er gratis for utøvarane, som er heile 30 stykke. Det er ingen krav om at du må vere profesjonell kunstnar, tvert om, her gjeld det å vere først til mølla. 

Nettpublikasjonen CAS, Contemporary Art Stavanger, har intervjua Waxman, som fortel at idéen kom då ho såg at mange kunstnarvennar aldri fekk omtale i media. Resultatet er eit originalt konsept der kritikar og kunstnar samarbeider. Tanken er ifølgje Waxman å avmystifisere praksisen til kritikaren og gjere kunstkritikk meir demokratisk. Kanskje ei forfriskande tilnærming? 

Var det alt?

Eg stikk innom Sølvberget for å sjekke ut dette. Kvar halvtime er det ein ny utøvar som legg fram verka sine. Waxman studerer dei, sjekkar informasjonen som kvar utøvar har sendt inn, og set i gang med skrivinga medan publikum kan følgje med fortløpande på ein skjerm. Rommet er heilt stille. Innimellom gjer ho eit internettsøk, eller går bort til kunstnaren for å stille eit spørsmål, før ho skriv vidare. Brått er det over, tida er ute, skrivaren startar, og kunstnaren får eit ark. 

Eg stussar. Ikkje fordi det gjekk så fort, men fordi det heile stoppa opp etter ei skildring og nokre assosiasjonar anten til kunsthistoria eller Waxman sitt eige liv. Er dette det heile? 

Her er tekstane ferdige når den verkelege jobben startar. Klart det går fort.

Om ein samanliknar med litteraturkritikk, så hadde det vore eit kort handlingsreferat av ein roman, med eit par assosiasjonar på toppen. Ingen refleksjon, inga kritisk tilnærming. Her er tekstane ferdige når den verkelege jobben startar. Klart det går fort.

Umusikalsk

Ein kan spore litt mistru til kunstkritikarar flest på Waxman si heimeside: «Kvifor gjere dette prosjektet? Fordi altfor mykje kunst blir oversett, og vanen styrer ofte kva ein kritikar ser – og dermed kva han eller ho skriv om.» Ho vel ofte å gjennomføre dette prosjektet i små byar med ein tanke om at desse manglar kunstkritikarar, og at mange utøvarar difor ikkje får den merksemda dei fortener. Men Stavanger manglar på ingen måte dyktige skribentar og kritikarar.

Ved første augekast kunne ein tenkje at det er flott med samarbeid mellom institusjonar og invitasjon av nye stemmer, og at det er sjenerøst av Stavanger Aftenblad å rydde så mykje spalteplass at alle desse 30 kunstkritikkane kjem i avisa. Men det heile blir ganske umusikalsk når den same avisa dei siste åra stort sett har kutta ned på all kulturkritikk, med unntak av restaurantmeldingane, som tvert om ser ut til å auke.

Kvar deltakar får 30 minutt av Waxman si tid. Her studerer ho verka og noterer litt, før ho set i gang med å skrive i 25 minutt.

Å bli sett

Kom Lori Waxman som eit friskt pust, med nye syn på kunstkritikk? Dersom inkluderande og god stemning er målestokken, så var dette stor suksess. Kva er det ikkje å like med dette? Som kritikar vil eg svare: Alt. 

Med tre store aktørar innan Stavangers kulturliv på banen kan ein spørje seg: Er det dette dei vil ha? Ein hyggjeleg tekst utan refleksjonar eller meiningar? Er det dette kunstnarar vil ha? Ligg det så stor verdi i at nokon med det akademiske på plass fortel deg det du allereie veit, berre med litt flottare formuleringar? Det menneskelege behovet for å bli sett og anerkjend blir her gjort til eit merkeleg speed-dating-stunt. 

I tillegg har me ein klar maktubalanse, ikkje ulik tv-underhaldning som Britain's Got Talent. Utøvarane kjem håpefulle og nervøse med verka under armen, Waxman skriv orda sine, og mange er tydeleg letta over at det ikkje kom noko negativt. Tenk om ho skulle finne på å skrive noko kritisk? Brått kunne ein utøvar midt imellom oss brote saman. Her er jo alle tett på. Null armlengds avstand. Hadde dei som inviterer og dei som tek rekninga, framleis vore like nøgde? 

Trass i lukkelege og letta andlet blant utøvarane, som sikkert både gledde og grua seg, så er det noko sørgjeleg over seansen.

Plass til ei meining?

Kulturkritikk kan ikkje jobbe etter eit prinsipp der alle skal bli nøgde. Eg kjenner litteraturkritikarar som opplever at store forlag her til lands jamleg ringjer redaktørane deira for å fortelje kor udugeleg kritikaren er – om meldinga er lunken. Alt er tipp topp så lenge meldinga er positiv. Ein kan få assosiasjonar til hundedressur. 

Ein kan få assosiasjonar til hundedressur.

Tida er nok snart forbi for kritikaren med autoritære smaksdommar, men alternativet kan ikkje vere dette. Det må vere plass til å ha med ei meining og gode argument som set i gang interessante diskusjonar. Det er ikkje gjort på 25 minutt. 

Eg har lese tekstane til Waxman som så langt er publiserte i Stavanger Aftenblad, og vil påstå: Dette er ikkje kunstkritikk.