Litteratur
Kriser viser kven vi er
Helga Flatland har ikkje like god oversikt over seg sjølv som over dei fiktive personane sine. Dei kan ho til gjengjeld gjere svært godt greie for.
Helga Flatland då Aschehoug forlag presenterte haustlista i år.
Foto: Vidar Ruud / NTB
36-åringen frå Telemark har markert seg som ein litterær granskar av familieliv og andre menneskelege relasjonar. Slik også i haustens roman, Et liv forbi, som tek lesarane med inn i ei vestlandsbygd, der 67 år gamle Anne har fått kreft, og dottera Sigrid, som er lege, må vurdere det vanskelege forholdet til mora og det ho sjølv har opplevd som omsorgssvikt.
– Det er mykje alvor og tristesse i bøkene dine?
– Konfliktar og utfordringar utgjer store delar av menneskelivet. Det vi møter av hindringar på vegen gjennom livet, definerer oss sterkt. Det er der vi syner mykje av kven vi er som menneske, og korleis vi steller oss i høve til oss sjølve og andre. Kriser køyrer mykje opp på storskjerm, anten det er indre konfliktar eller konfliktar med andre. Å gå inn i desse tilspissa situasjonane, sjå kva som skjer i møte med dei, både med oss sjølve og andre, interesserer meg. Eg har ein ambisjon om å skrive om kva det er å vere oss i vår tid.
– Anne vil ta livet sitt for å spare familien for langvarig liding og slitsam omsorg. Er det omsynslaust?
– Under skrivinga var det ikkje vanskeleg for meg å gå inn i Annes ønske om å få sleppe når utsiktene var så dårlege. Men ein er jo del av ein flokk og eit samfunn, og overfor dei har ein skyldnader. Når ho har sett born til verda og slik skapt eit lite samfunn, har ho også ei plikt til å halde ut. Så er spørsmålet kor lenge – og til kva pris.
– Fridom versus plikt er ein gjengangar i forfattarskapen din?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.