Bok

Kongen vi (nesten) ikkje veit noko om

Etter at Øystein Morten har saumfare dei norske vikingkongane, er det lite igjen av Snorre og sagalitteraturen. Kva sit vi att med når mytane om Olav Tryggvason er rydda av vegen?

I år 995 fekk Olav Tryggvason slege den fyrste norske mynten, Tryggvason-penningen, med portrettet sitt på eine sida og krossen på hi.
I år 995 fekk Olav Tryggvason slege den fyrste norske mynten, Tryggvason-penningen, med portrettet sitt på eine sida og krossen på hi.
Publisert

Religionshistorikar Øystein Morten (46) er ikkje som historikarar flest. Han dreg gjerne ut i verda i fotspora til kongane han skriv om, og skildrar reisene sine. Det kan ofte gi overraskande resultat. Dessutan held han dei norske kjeldene opp mot eit breitt spekter av europeiske, ikkje minst engelske krøniker frå same tidsrom. Alt som ikkje stemmer med angelsaksiske krøniker frå den aktuelle perioden, skjer han bort. Det betyr takk og farvel til Snorre og sagaene. Skaldekvada, derimot, har truleg meir sanning i seg, sidan dei er autentiske augevitneskildringar.

Skrella vekk

Men når sagakonteksten blir skrella vekk, er alt forfattaren sit att med i Jakten på Olav Tryggvason, berre nokre skaldedikt, nokre setningar i ei engelsk krønike, eit fåtal linjer i eit par bøker, tre myntar og ein leigesoldatkontrakt. Det kan det bli over 300 fascinerande boksider av.

Wikipedia seier at Olav Tryggvason var fødd i 963, Store norske leksikon at han såg verda i 968. Men Øystein Morten meiner at det må ha skjedd seinare, kring 970. Dei «offisielle» årstala er baserte på ein sagakontekst som beviseleg ikkje har noko med røynda å gjere, fortel forfattaren.

– Kan vi slå fast at Olav Tryggvason ikkje var «norsk», altså fødd i Noreg av norske foreldre, og heller ikkje ein Hårfagre-ætling?

– Om opphavet hans kan vi ikkje slå noko sikkert fast. Men sagaforteljinga om koplinga mellom Olav og Harald Hårfagre verkar i høg grad oppkonstruert, mellom anna fordi ho opererer med grenser og maktområde som ikkje eksisterte på 900-talet. Adam av Bremen, som skriv kring 1060, meiner at Olav er son av Håkon Ladejarl.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement