JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kjeldeliste på venteliste

1990: «Med helsing frå ein noko sliten forfattar», skreiv Berge Furre etter 1205 sider biografi og 560 sider noregshistorie. På to år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
TO PROFESSORAT. Berge Furre var professor i historie då han gav ut Soga om Lars Oftedal. Før Vårt hundreår kom neste haust, var han også blitt professor i teologi.

Foto: Knut S. Vindfallet / Stavanger Aftenblad

2659
20190524
2659
20190524

Han sat på eit kontor i etasjane over gamle Edderkoppen Teater i Oslo. Der skreiv Berge Furre over fleire år fram ein vev av linjer i Soga om Lars Oftedal. Hovudpersonen hadde skipa Stavanger Aftenblad, og det var avisa som hadde bedt om og finansierte skrivinga. Til avtalt tid kom han til oss i Samlaget i Trondheimsvegen 15, leverte utskrifter og drøfta det som forlaget hadde lese sidan sist.

Så mange år var det ikkje sidan Politiets overvakingsteneste følgde nøye med på kva SV-politikaren Berge Furre dreiv med. I 1977 hadde han lese høgt frå ein hemmeleg rapport om eit amerikansk navigasjonssystem i Noreg. Furre sette det Kjartan Fløgstad har kalla den sivile seieplikta opp mot den militære teieplikta. Etterpå vann han respekt i dei mest ulike miljø som både foredragshaldar, historikar og forfattar.

Allmennkunnskapen om Oftedal krinsa gjerne om at han ein søndag stod i kordøra, vedgjekk «usædeligt Forhold» og sa frå seg prestekallet. Furre gav seg ikkje før han meinte han hadde funne ut kva det heile handla om. Han ville så gjerne skrive om alt det Lars Oftedal hadde tenkt, sagt og gjort. Det blei så mykje at verket blei delt i to. Eitt band med heile forteljinga på 872 sider, eitt band med 4000 notar og tallause kjelder på 333 sider.

600 stolar blei altfor lite då boka blei lansert på eit festmøte i Bethania i Stavanger, bedehuset som Oftedal hadde fått bygt i 1893. Om det var Harald Stanghelle i Arbeiderbladet eller Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende – meldarane skreiv langt og personleg om grunnspørsmåla i biografien. Forfattarens skrivemåte og omgang med stoffet overvelda dei. «Furre har bygd ein skyskrapar i eit land som ikkje har heisar til slike bygningar», skreiv historikaren og forfattaren Bjørn Jonsson Dale.

Dei mange sidene kunne ha blitt mange fleire. Dette trur eg du kan ta ut, sa forlagsredaktøren. Og dette. Ein dag gjekk eit heilt kapittel med i dragsuget. Kva som stod på dei 200 boksidene som aldri blei publiserte, er ikkje lenger mogleg å finne ut av.

Så stor var interessa at Deichmanske bibliotek i Oslo måtte lage venteliste for bandet med notane. All person- og lokalhistoria gjorde at bandet nesten kunne lesast for seg sjølv.

Berge Furre (1937–2016) var aldri i nærleiken av det Magne Skodvin sa i ein doktordisputas i 1958: «Ingen druknande kan klamre seg til eit halmstrå med same energi som ein doktorand til ein fotnote.»

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar, språk- og litteraturvitar.

Neste veke: Det litterære ritualet

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis