Bok

Kjærleikspoet og levemann

Utsvevande livsførsel, ikkje heilt stovereine politiske haldningar og strålande kjærleikslyrikk har gjort Aleksandr Pusjkin til ein mytisk skikkelse i Russland, meiner hans norske biograf, Erik Egeberg.

Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin (1799–1837) måla av Orest Kiprenskij.
Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin (1799–1837) måla av Orest Kiprenskij.
Publisert

Framfor alt er det lyrikaren Aleksandr Pusjkin (1799–1837) russarane dyrkar. Mannen som med kjærleiksdikt og elegant, allmennmenneskeleg poesi framleis er folkeeige i landet. Med biografien Aleksandr Puškin. Russlands store dikter har Erik Egeberg, pensjonert professor i russisk litteratur ved Universitetet i Tromsø, fylt eit tomrom i litteraturhistoria her heime.

Egeberg fortel at den unge diktarspira veks opp i ein heim prega av fransk språk og kultur. Det blir snakka fransk, huslæraren er fransk, og bøkene han sluker i farens bibliotek, er også på fransk. Når mange likevel hevdar at Byron kanskje var den viktigaste inspirasjonskjelda for den unge forfattaren, meiner Egeberg at det er ei sanning med modifikasjonar.

– I ein tidleg periode var nok Byron svært viktig for Pusjkin. I tjueåra hadde han ein Byron-raptus, men den feberen gav seg fort. Seinare, som under arbeidet med blankversdramaet Boris Godunov, blei Shakespeare viktigare.

Men i botnen av diktarpersonlegdommen hans låg heile tida fransk klassisistisk tenking – klarleik og orden.

– Det kunne til tider bli mykje romantisk staffasje i det han skreiv, men han var ingen nasjonalromantikar. Kanskje heller, som det er blitt sagt, «ei klassisk ånd i ei romantisk tid».

– På eit tidspunkt kasta han seg over folkeeventyret?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement