Bok
Kan øydeleggarane berge jorda?
Maja Lunde skriv ikkje klimaromanar fordi ho har mange svar, men fordi ho har så mange spørsmål og kjenner angst for det som skjer med kloden vår.
Maja Lunde fortel at den såkalla klimakvartetten kan hende får fleire enn fire band.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Sjølv om Maja Lunde ikkje har nokon «bodskap» i den såkalla «klimakvartetten» sin, har likevel to overordna spørsmål utkrystallisert seg: Kvifor er vi menneske blitt den arten som har forandra alt? Og har vi det eigentleg i oss å kunne rette opp feila våre?
– Dette er spørsmål som eg ikkje har svar på, og som romanane heller ikkje gir svar på. I alle fall ikkje i mine augo, men kanskje er det lesarar som er usamde. Det finst jo like mange versjonar av ein roman som det finst lesarar. For meg handlar skrivinga om å vere inne i desse forteljingane og å vere på innsida av menneska eg skriv om. Det er då eg opplever at det blir «sant» og ekte for meg. Eg startar aldri med ei problemstilling eller ein «bodskap», men det eg ser at eg heile tida tenkjer på medan eg skriv, især i Przewalskis hest, som jo handlar om menneskedyret, er forteljinga om oss menneske og det vi har gjort med jorda vår.
I denne romanen skildrar Maja Lunde kampen for å berge dei mongolske villhestane, eller takhiane, som ein lenge trudde var utdøydde. Ein del av den tredelte handlinga har ho lagt til 1880, då ein russisk zoolog og ein tysk profesjonell dyrefangar reiser til Mongolia for å prøve å fange nokre eksemplar av arten. Så følgjer vi ei tysk kvinne som 110 år seinare arbeider for å tilbakeføre nokre takhiar til Mongolia, der dei no er heilt forsvunne. Den tredje delen, som er lagd til ein gard i Noreg, går føre seg i 2064, då regn og stormar har fått dei fleste til å flytte nordover. På denne garden bur Eva og tenåringsdottera Isa, og etter kvart kjem franske Louise, som vi først møtte i Blå.
Dei tre romanane i «klimakvartetten» er selde i godt over ein million eksemplar, dei er omsette til 36 språk og spreidde til over 50 land. Det «hotte» Hollywood-selskapet Anonymous Content har sikra seg rettane til å lage TV-serie av Bienes historie, etter at Maja Lunde hadde sagt nei til mange friarar.
Kan bli meir enn fire
Arbeidet med boka førte med seg svært krevjande research, der ho jobba mykje tettare opp mot røyndommen enn før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.