Leiar
Viktig aldersgrense for born
Regjeringa har føreslått å innføra ei aldersgrense på 15 år for bruk av sosiale medium. Høyringsfristen gjekk ut denne veka. Målet er å verna borna mot skadeverknader som desse media kan påføra dei, som mobbing, trakassering, skadeleg påverknad, psykiske lidingar og kriminalitet.
Det skal vera visse unntak, som kommunikasjon i lukka grupper om utdanning og fritidsaktivitetar, og lukka grupper mellom medlemer i politiske og sivile organisasjonar. Regjeringa vil at tilbydarane av dei ulike sosiale media skal gjerast ansvarlege og setja i verk effektiv aldersverifisering for å sikra at brukarane er over 15 år.
Det vert sjølvsagt utfordrande å få dette til i praksis, men lova vil uansett få stor verdi. Ho skulle ha kome for lenge sidan. På same måte som ein i dag knapt trur på at røykjelova fyrst kom i 2004, vil vi i ettertid ikkje skjøna at årskull etter årskull måtte delta i eit storstila digitalt eksperiment der borna fekk fri tilgang til sosiale medium.
Foreldra og skulen står i dag hjelpelause utan eit forbod. Dei treng handling og eit klart og tydeleg lovverk. Det har regjeringa skjøna. I motsetnad til Medieskadelegheitsutvalet i 2021 og Skjermbruksutvalet som kom med sin rapport i 2024.
Ingen av dei to utvala klarte å koma med ei klar tilråding om aldersgrense. Skjermbruksutvalet meinte at «foreldre og voksne bør engasjere seg i barn og unges digitale liv og være gode rollemodeller». Sjølvsagt, men det vert berre ord. Det er naivt å tru at ein kjem nokon veg i denne saka med god vilje, pedagogikk og rettleiing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.