Bok

Å forstå Russland frå innsida

Kva tenkjer russarane om den folkerettsstridige åtakskrigen mot grannelandet Ukraina? Åsne Seierstad freistar å gje svar.

Åsne Seierstad har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Publisert

I ei tid då det er særs vanskeleg å reise i Russland og få folk i tale, har Seierstad gjort ein stor innsats for å finne fram til folk som er villige til å snakke med ein forfattar frå eit «ikkje venlegsinna land». Mot vantar verken forfattaren eller mange av intervjuobjekta.

Noko representativt utval av innbyggjarane i Russland er det sjølvsagt ikkje mogleg å finne fram til, men Seierstad presenterer eit imponerande breitt spekter. Vi får møte alt frå ihuga krigsmotstandarar til folk som stør åtakskrigen heilhjarta. 

Intervjuobjekta er alt frå representantar for den urbane intelligentsiaen, som nobelprisvinnaren Muratov, til vanlege menneske med liv som i ulik grad er råka av krigen.

Mangfaldig

Den mest interessante delen av boka handlar om Seierstad sine reiser på landsbygda i Sibir. Her treffer ho menneske som sjeldan kjem til orde i det offentlege ordskiftet, verken i Russland eller i utlandet. Seierstad møter desse menneska med respekt og gjev nyanserte skildringar av liv prega av alkoholisme og fattigdom.

Kva seier så russarane om krigen? Russarar er like mangfaldige som andre folk, og heile poenget med boka er å få fram at det er like mange meiningar som det er russarar. Skal ein bokmeldar likevel prøve seg med ei oppsummering, må det bli at propagandaen frå Kreml verkar. Ein kvinneleg skodespelar frå Moskva har ei minneverdig setning om dette: Propagandaen «smyger seg på deg». 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement