Politikk

Demonstrerer for døde medstudentar

BEOGRAD: Serbia slit med arbeidsløyse, hjerneflukt og eit stadig meir autoritært regime. No gjer studentane eit siste forsøk på å berge demokratiet.

Serbiske studentar, som organiserer protestane, og mange andre borgarar demonstrerte 1. oktober for å markere at det er elleve månader sidan ulukka i Novi Sad, der eit tak fall ned på jernbanestasjonen, noko som tok 16 menneskeliv.
Publisert Sist oppdatert

Så mykje sorg, så mykje sinne – og likevel ei atterhalden ro. 1. oktober gjekk titusenvis av menneske gjennom gatene i Beograd. Nokre av dei demonstrerande bar skilt med slagord, andre flagg. Men det likna ikkje på andre demonstrasjonar eg har vore på: Ingen ropte slagord, ingen nytta megafonar, og ingen song. Heilt stille var det. Nærmast lydlaust skreid dei fram.

I snart eit år har serbiske studentar og borgarar demonstrert fredeleg mot regimet. Utgangspunktet var ein tragedie: Den 1. november i fjor kollapsa eit betongtak på jarnbanestasjonen i den nest største byen i landet, Novi Sad. 15 menneske døydde. Nokre dei studentar. 21. mars døydde endå ein student av skadane, 19 år gamal.

Det skulle ikkje skjedd. Jarnbanestasjonen var blitt rusta opp som del av eit prestisjeprosjekt for den serbiske regjeringa – ein ny og moderne jarnbane til Budapest. Men i det politiske Serbia er det meste på yta: Renoveringa var gjord av innleidd kinesisk arbeidskraft. Mykje tyder på at arbeidet var dårleg utført. Opposisjonen skulda regjeringa for korrupsjon.

Blokaden

Snart byrja medstudentane til dei døde å demonstrere for at regjeringa skulle offentleggjere kontraktane frå då renoveringa blei utført. Det nekta styresmaktene. I staden gjekk ei gruppe menneske mistenkte for å ha band til regjeringspartiet til åtak på dei. I Beograd byrja studentane med å okkupere universitetet. Deretter spreidde aksjonen seg gjennom landet. Studentane samla seg om nokre heilt enkle krav: å publisere dokumenta bak renoveringa i Novi Sad, å rettsforfølge dei som hadde gått til åtak på studentane, og å auke budsjetta til høgare utdanning med 20 prosent.

Opphavleg kravde dei ikkje regimeendring, sjølv om landet har vore styrt av Serbias progressive parti (SNS) og Aleksandar Vucic heilt sidan 2012. I løpet av denne perioden er landet blitt mindre demokratisk, syner internasjonale målingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement