Jon Michelet

Sjømann Michelet har mønstra av.
Sjømann Michelet har mønstra av.
Publisert

Kva assosierer vi med den stolte sjømannen? Vidsyn, toleranse, å vere raus og ha evne til på like fot å omgåast menneske av alle slag. Der har du sjømann Michelet! Om han berre sigla til sjøs nokre få år, var han sjømann heile livet. Sjølv om Jon Michelet var mykje anna, òg, er det så rett at han skulle runde av det eventyrlege livet sitt med storverket om krigsseglarane.

Om ikkje noko anna blir ståande att etter den mangslungne mossingen, vil dei seks banda om norske sjøfolks harde lagnader og vonde opplevingar i den andre verdskrigen bli ståande som ein bauta. Ikkje berre over ein sjømannsstand som ikkje fekk sin rett, men også over mannen som til slutt gav dei rett.

Bøkene skulle sjølvsagt vore skrivne fleire tiår før. Men ingen tok på seg å gjere det. Då Jon Michelet gjekk laus på oppgåva, som vart mykje meir omfattande enn han hadde sett for seg, var det som om han igjen vart sjømann med heile seg. Forfattaren trekte på alt han hadde av kunnskap om sjøen og sjømannslivet, henta frå eigne og andre sine røynsler. Og så skaffa han seg osean av kunnskap – historiske, geografiske, maritime og andre, som han med stor forteljarglede delte med lesarane.

Mange av dei han lyfte opp, hadde lenge lege nede, vore miskjende. Utan store ord gav Jon Michelet dei heltestatus og synte oss kva for helvete dei hadde vore gjennom for å sikre forsyningar til allierte styrkar på ulike frontar.

Det ligg eit perspektiv i dette, eit perspektiv som går gjennom heile Jon Michelets allsidige forfattarskap og liv: Han var på dei svake og undertrykte si side. Enten han jobba som sjølvproletarisert bryggesjauar eller redaktør for Klassekampen, var programleiar i NRK eller politikar og aktivist, var han den same. Han visste kvar han høyrde heime, visste kva solidaritet er, visste at ord ikkje alltid er nok, men at det også må handling til. I ettertid var han nok ikkje like stolt over alt han hadde vore med på som ml-ar, men han var heller ikkje den som kritikklaust følgde partilinja i eitt og alt.

Det uvørdne, omsynslause og direkte, som han beundra slik hos Arthur Omre, ser vi i krim- og spenningsromanane, som først skaffa Michelet eit forfattarnamn. Og politisk er han på den antikapitalistiske sida, sjølvsagt. Men med playboytendensane sine var nok ikkje Vilhelm Thygesen, gjennomgangsfigur i ti krimromanar (to av dei fekk Rivertonprisen), heilt slik partiideologane ønskte – sjølv om han også var passe rufsete og rabulistisk. Med åra vart denne antihelten meir tam, og den lenge så tydelege samfunnskritikken litt mindre skarp. Sjølv på sitt veikaste ryddar han likevel opp, og like til det siste synest han vere talerøyr for forfattaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement