Kultur

Jon Eikemo (1939–2025)

Jon Eikemo med Norsk kulturråds ærespris for 2007.
Publisert

Den 11. juni gjekk ein av Noregs frodigaste skodespelarar bort. Jon Eikemo døydde av hjartestans på sjukeheimen Cathinka Guldberg-senteret på Lovisenberg i Oslo – 85 år gamal. Han byrja tidleg som skodespelar, og heldt det gåande til han var over 70 år. Då var han tilbake på Det Norske Teatret med ei splitter ny Sivle-framsyning, men sjukdom sette stogg for nye, store roller.

Jon vaks opp på Breistein nokre kilometer nordanfor Bergen sentrum. Der dreiv faren landhandel, og som seksåring hadde Jon eit godt publikum på soverommet han delte med systrene. Før dei la seg til å sova, sørgde Jon for ei lita framsyning. Der herma han etter både den eine og den andre i nabolaget. Seinare heldt han fram oppå nokre fiskekassar nede i potetkjellaren. Der pressa han brørne med kameratar til å ta plass som publikum. Dei fekk eitt eller to øre, men med krav om applaus. Første gongen det tok av, var på den store årsfesten i Åsane Billag. Jon var i tolvårsalderen, og han vart løfta opp på eit langt og svært festbord mellom kvite serviettar og blanke glas. Der las han Jakob Sandes vidgjetne dikt «Kallen og katten» for første gong.

Frå posten til skodespelar

Men den unge strilen hadde ingen planar om å verta skodespelar. Faren var sikker på éin ting, og det var at staten var ein sikker arbeidsplass, og dermed vart det posten for Jon. Ein kald vinterdag i 1958 sette han seg på toget til Oslo for å byrja i Postverket, men der keia Jon seg grueleg. Etter åtte månader sa han takk for seg, men kort tid etter samla han mot nok til å søkja Statens teaterhøgskule. Den gongen var det ikkje lett å koma inn for ein kar med striladialekt, og Jon fekk klar beskjed. Gjekk han ikkje inn for å snakka normalisert austlandsmål, måtte han slutta på skulen. Men det ordna seg, og Jon utmerkte seg som eit stort talent med eit særmerkt uttrykk, både når det galdt innleving, språk, mimikk og plastikk. Han var frodig og spesiell – med ei eiga utstråling.

Etter Teaterhøgskulen fekk Jon jobb i Riksteatret og debuterte som Paul i Medmenneske av Olav Duun. Men det vart mykje reising, og etter to år var Fjernsynsteatret neste stoggestad, før han flytta vidare til Det Norske Teatret. Og sidan var han innom fleire teater. Innimellom sa han opp både ved Nationaltheatret og Det Norske Teatret, og det er det ikkje mange som gjer. I 1968 ville teatersjefen på Det Norske Teatret bruka ein slags samnorsk og meinte at Jon skulle seia «drømmer» og «glømmer» i staden for «drøymer» og «gløymer». Det enda med krangel, og Jon meinte at då kunne han like godt vera ved Nationaltheatret og læra seg å snakka riksmål. Seksti år etter at Jon flytta til hovudstaden, heldt han framleis på den saftige striladialekten, og framleis sa han «nere i kjedlaren» og «ilt i knettet». Fruene på Frogner tykte at dialekten var vakker, og bad han halda fram med å snakka morsmålet.

Dialektproblem

Jon har spelt i eit tjuetal filmar, men fekk avslag på seks–sju på grunn av dialekten. Den første filmrolla fekk han i De ukjentes marked i 1968. På dei meir enn femti åra Jon var skodespelar, hadde han over åtti store roller, og han spelte i meir enn tusen revyframsyningar på mange av dei mest populære scenene i landet.

Han hadde stor suksess mange stader, og størst publikum fekk han med monologen Jakob Sande og Jon Eikemo, trur eg... Til saman 120.000 fekk med seg denne framsyninga. I 1992 fekk han Kritikarprisen som takk for innsatsen. Nokre år tidlegare fekk han Spellemannpris for ei plate med Sande-dikt, og undervegs mottok han Norsk Kulturråds ærespris.

Men Jon var like interessert i gardsdrift som teater. Han hadde odelsrett til garden Eikemo i Eksingedalen, og der var han ofte. Det er ikkje teater, men gardsdrift som interesserer mest, uttalte 70-åringen.

Tilbake til garden

I 1971 sa Jon opp jobben og flytta heim til garden i Eksingedalen. Tanken var å kombinera intensivt jordbruk og teater, og dei neste fire åra spelte han på Den Nationale Scene for å tena pengar til å rusta opp garden. Etter lange økter i åkrane la han ut på den ni mil lange bilturen inn til teateret i Bergen, og i ellevetida var det den same ruta heim att. Han var med i både Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Senterpartiet, men det var knallhardt å driva med poteter og kålrabi, og han øydela ryggen. Etter fire år gav Jon opp gardbrukarlivet og flytta tilbake til hovudstaden, og mange nye, store teatersuksessar.

Etter tildelinga av Kritikarprisen skreiv Jan E. Hansen i Aftenposten: «I eit urbant teaterliv, som har lett for å uttrykke seg med artifisielle fakter, representerer Jon Eikemo en naturkraft, like sårbar som robust. Det kommer ingen bedre fra bygdene nu til dags!»

På jonsokaftan – klokka 11 – vert Jon Eikemo bisett frå Oslo domkyrkje.