Historie
Jøderanaren i Villa Grande
Bodil Stenseth ville skrive historia om Villa Grande, som Quisling døypte om til Gimle. Undervegs fann ho prov på at «Føraren» sjølv hadde rana til seg jødisk eigedom.
Kunst og møblar inne i Villa Grande, som Quisling kalla Gimle.
Foto: Sturlason AS Polyfoto / Press
Det høyrer til historias ironi at den grandiose bygningen på Bygdøy som skulle bli eit maktsentrum i Quislings «Nye Noreg», i dag hyser «Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter». I dei hundre åra som er gått sidan byggearbeida tok til på det som fekk namnet Villa Grande, har huset og eigedommen vore gjennom mange og store omskifte.
Når kulturhistorikar Bodil Stenseth har kalla boka si Quislings ran, er det tale om meir enn eitt brotsverk. Tittelen refererer til korleis NS-leiaren tileigna seg den statlege bygningen på Bygdøy, men ikkje minst korleis han rana til seg sølv, kunst og andre gjenstandar frå jødefamilien Watchman, som møtte døden i ein tysk konsentrasjonsleir. I overført meining er det tale om at heile Quisling-regimet var eit ran, med omstøyting av konstitusjonen og innføring av eittpartistat og diktatur.
– Det var godt kjent at Vidkun Quisling hadde samlarens instinkt og lidenskap, og vi veit at han hadde lagt seg opp ei kunst- og antikvitetssamling etter åra i Russland, der han samarbeidde med Fridtjof Nansen, forklarar Stenseth.
– Så slo det meg at ikkje alt på den omfattande inventarlista frå Gimle nødvendigvis kom frå Slottet eller frå Norske Selskab, der Quisling hadde forsynt seg grovt. Ein VG-artikkel frå 1970 sette meg på sporet, og etter noko leiting fann eg fram til jøden Philip S. Watchman, som hadde drive antikvitetsforretning i Oslo.
Alt før han og familien var ute av Oslo om bord på transportskipet «Donau», starta plyndringa av husværet og butikken – og det meste vart frakta til «førarresidensen».
Det har lenge vore kjent at heimane til mange norske jødar vart tømde i krigsåra. Men Stenseth meiner at Quislings direkte rolle i eitt av desse rana ikkje har vore dokumentert før. Ho ser ikkje bort frå at han kan ha vore med på fleire plyndringar. Forfattaren strekar under at Quisling var den som gav ordren, han tok ikkje sjølv del i plyndringa, men alt rovet skulle gå til han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.