Litteratur

Jakt på evig liv

Vil du leve evig? Her er oppskrifta: Lat deg fryse ned, ligg i dvale til teknologien er klar, så blir du vekt opp og kurert for sjukdommen som tok livet ditt, før du går gjennom ein antialdringsprosess.

Annelin Eriksen er professor i antropologi ved Universitetet i Bergen.
Annelin Eriksen er professor i antropologi ved Universitetet i Bergen.
Publisert

Verda er rik på optimistar, dei mest optimistiske samlar seg i udødelegdomsrørsler og kallar seg transhumanistar. For somme er trua på evig liv altoppslukande. Dei gjer kva som helst for å oppnå dette, og i usvikeleg framtidsoptimisme betaler dei for å bli søkkte ned i tankar fylte med nitrogen på ubestemt tid, kanskje fleire hundre år. Om dette moderne fenomenet, kjent som kryonikk, har Annelin Eriksen, professor i antropologi ved Universitetet i Bergen, skrive boka Evighetsmennesket. Om teknologi, vitenskap og udødelighet.

– Eg trur det er litt viktig at folk veit om dette fenomenet. Det er så mykje kraft i desse rørslene nett no. Dette dreier seg ikkje om ein gjeng gamle sci-fi-orienterte menn med litt teknobakgrunn, men unge folk frå gründerverksemder, støtta av tunge investorar, seier ho.

– Her er det tale om å meistre døden, overvinne han, nærast som eit helseprosjekt. I dette perspektivet blir helse noko som ikkje har å gjere med biologien slik han er her og no, men eit spørsmål om kva mennesket kan vere.

– Kva betyr omgrepet «evig liv» for udødelegdomsrørslene?

– At du aldri døyr. Ikkje eit religiøst liv etter døden, men eit eige liv i eigen kropp her og no.

– Medisinsk må du jo døy for å kunne få «evig liv». Alt blodet blir tappa av årene dine, og du ligg kanskje fleire hundre år i ein tank?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement