JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Inn i øyret, ut frå røysta

Thomas Lundbo byr på ein heilt ny psykologisk teori i debutromanen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Thomas Lundbo debuterer som romanforfattar, etter tidlegare å ha skrive kortprosa og noveller.

Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss

3447
20191018
3447
20191018

Denne veka kom Thomas Lundbo med romanen Lyden av et liv. Boka handlar om Johan Waldemar Brummel, ein perifer figur i krinsen rundt Sigmund Freud, mannen som vert rekna som far til psykoanalysen. Store delar av handlinga går føre seg i Wien tidleg på 1900-talet.

– Korleis gjer ein research til eit slikt prosjekt?

– Eg las mykje. Eg har berre vore éin tur til Wien, i høve 70-årsdagen til far min. Då vitja eg Freud-museet. Men fyrst og fremt har eg lese. Eg trong ikkje bli ekspert, for det psykoanalytiske språket ligg alt så tjukt i kulturen vår. Arbeidet til psykoanalytikarane er svært godt dokumentert.

– Brummel arbeider heile livet med ein teori om øyret som portal til menneskesinnet, eit alternativ til Freuds vektlegging av seksualitet og familiestrukturar. Byrja prosjektet med ei interesse for psykologi eller for lyd?

– Lyd. Det å høyre si eiga stemme opnar for ei ny form for narsissisme – og høvet til å gjere dette, for å høyre seg sjølv i opptak, melder seg tilfeldigvis om lag på same tid som omgrepet «narsissisme» fyrst vert teke i bruk i psykologien. Utgangspunktet for Brummels teori er at psyken vert forma via øyret, via lyd, og kjem til uttrykk i røysta. Øyret er portalen til det umedvitne. Rundt hundreårsskiftet var det enno ikkje sikkert kva slags teori som skulle vinne fram. Freud avviste alle ytre forklaringsmodellar for kvifor folk vart som dei vart. Brummel gjorde ikkje det. Han heldt fast ved det ytre og det kroppslege. Boka stoppar i 1917, då hovudpersonen døyr, men kontakten mellom Brummel og Freud stansar tidlegare, før psykoanalysen slik vi kjenner han i dag, fann forma si.

– Alle personane i boka speglar seg i ein annan. Grensa mellom deg og Brummel er uklar?

– Ja, i den førre boka mi, Karakterer, etter La Bruyère, spegla eg skrifta mi i Bruyères skrift. I Lyden av et liv speglar eg livet mitt i livet til Brummel.

– Du brukar deg sjølv i boka. Du skriv om barndom, om mottakinga av forfattarskapen din, og du skriv lange essayistiske passasjar om samtidsforfattarar som Knausgård og Houellebecq. Du skriv om då dei fann ein svulst i halsen din og skildrar redsla for at han skulle råke røysta di og slik gjere deg til ein annan? Kva freistar du å oppnå med denne samansmeltinga av sjølvbiografi, historisk roman og essayistikk?

– Eg brukar meg sjølv, og eg gjer ikkje det berre for moro skuld. Vi lever i ei fiksjonsmetta tid då det sjølvbiografiske blir oppfatta som meir inderleg og ekte enn det fiktive. Om ein presenterer ei bok som rein fiksjon, er det vanskeleg å få lesaren med seg, for vi er vortne så gode til å gjennomskode diktinga. Rein fiksjon krev total overgjeving frå lesaren. Når ein brukar seg sjølv, skaper ein lettare eit truverdig etos. Det har å gjere med den individualismen som byrjar med psykoanalysen. Noko hende på den tida. Noko endra seg i måten mennesket oppfatta seg sjølv i verda på.

– Så med boka går du di eiga tid i møte, via ei til dels fiktiv fortid? Er det difor illusjonen av at ein les om røynda i dei sjølvbiografiske partia, etter kvart bryt saman? Det kan verke som om røynda sender deg tilbake inn i fiksjonen. Svulsten får deg til å innsjå at du mellom anna må skrive kameraten din, som døydde i 1993, ut av historia?

– Ja, svulsten fekk meg til å vilje skrive om. Då røynda slo tilbake, ville eg ikkje skrive meir om røynda lenger.

Ida Lødemel Tvedt

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis