Inn i naturen

Etter eit opphald på nesten 35 år kom Stig Holmås med ei ny diktsamling for to år sidan og enno ei no. 75-åringen trur det kan ha noko med hastverk å gjere.

Stig Holmås har framleis mykje på hjartet.
Stig Holmås har framleis mykje på hjartet.
Publisert

Han kan ikkje heilt forklare kva det er som skjer, men forsikrar at han framleis har mykje på hjartet. Og sidan Holmås byrjar få hastverk, tenkjer poeten som dei ti første åra av forfattarskapen berre gav ut diktsamlingar, at det ikkje er så dumt å ta i bruk ein sjanger der ein kan få sagt mykje med få ord.

– Og så har det lyriske alltid tiltrekt meg, musikken i språket. Eg har jo nokre romanar med eit språk eg vil kalle lyrisk prosa.

– Har du gitt romanskrivinga på båten?

– Eg skriv på siste kapittel i ein ny roman i desse dagar.

Tittelen på haustens utgiving, Dagene er blitt fortere nå, fortel at også livsens haust har komme, og at diktar-eget er medvite om det. I eit av dikta er det til dømes tale om å «møte døden rolig».

– Eg har nok byrja på oppløpssida. Og der skjerpar ein seg, så får vi sjå om eg har disponert kreftene så pass at mjølkesyra ikkje tek meg før eg er kommen til målstreken. Førebels diktar eg kvar dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement