Design
Ikkje ende på stas
60-årsdagen til Cårejånni forsvann i premierar. Sånn går det når ein blir glad av glam og er hekta på stoff.
Her blir mange av antrekka vi ser på scenene rundt om, til. Systova til Cårejånni Enderud bognar av stoff. Og godt humør.
Foto: Marita Liabø
Viss du såg ein gut i kjole i ein mjølkebil i Hedmark på syttitalet, var det Cårejånni. Då heitte han Kåre Johnny. No har han blitt 60 år. Han feira litt i Spania i romjula, i lag med ektemannen og to vennepar, men på sjølve dagen, 28. januar, måtte han konsentrere seg om det nye showet til Ingrid Bjørnov, som han har laga antrekka til.
– Og så måtte eg til Odense og jobbe med tilpassing av kostyme til eit nytt show på kielferja, så det blei fire intense dagar før premieren der, pluss at vi hadde premiere på Moulin Rouge 5. februar. Etter det følte eg at eg var 85 år.
Berre til showet på kielferja er det snakk om tonn med staffasje.
– Eg sa ja til oppdraget i oktober, for då var eg ledig. Men premieren blei utsett, så vi kom ikkje i gang før i november, og då var eg i gang med juleshowa. Og i jula måtte eg ha fri.
Blant anna hadde Oslo fagottkor – Noregs lekraste homsekor, som dei kallar seg – konsertar i jula. Enderud har sydd klede til dei i mange år. Dei er mange. I mange oppsetningar er dei mange.
I Europavisjonar på Det Norske Teatret, til dømes, får du sjå over 150 forseggjorde antrekk som han står bak og stadig må tilpasse. Det vann han Heddaprisen for i haust.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.