Litteratur
I kamp med språket og minnet
Lars Saabye Christensen trudde han endeleg hadde klart å skrive ein liten og tynn roman igjen. Men noko mangla, og med det på plass var boka blitt 690 sider lang.
Lars Saabye Christensen fylte 70 år torsdag 21. september.
Foto: Lina Hindrum
Vrakeren er eit mangfald av ein roman. To biografiar i eitt. Og i tillegg så mykje som peikar mot forfattaren sjølv at det er råd å snakke om element til ein sjølvbiografi, noko Lars Saabye Christensen, som fylte 70 år i går, truleg aldri kjem til å skrive.
Det som lenge såg ut til å bli ei sjølvstendig historie, er forteljinga om forfattaren Jørgen Ribe, oppveksten og ungdomstida hans i velkjent Saabye-land, på Skillebekk i Oslo i 1950–60-åra. Men forfattaren fekk lyst til å overraske seg sjølv, gå manuset sitt nærmare etter i saumane og skrive ein biografi om personen han nett hadde skapt. Slik oppstod biografen Bendik Ries, og slik blei prosjektet til to romanar som er blitt grundig integrerte i kvarandre.
Skyld og soning
Jørgen Ribe er ein stille og litt forsiktig gut, tenksam og oppteken av ord. Så flyttar den underlege Carl inn i bygarden. Han opnar ei ny og farleg verd og blir den einaste vennen Jørgen har – inntil ein brutal lagnad råkar vennskapen under omstende som først heilt mot slutten blir klargjorde.
Jørgen får tidleg suksess som forfattar, men då lesarane møter han att som gammal mann i syttiåra, er det knapt nokon som hugsar han. Likevel ønskjer den heilt ukjende Bendik Ries, med uklare motiv og ei delvis kriminell fortid, å skrive biografien hans. Det utviklar seg til ein duell om sanninga og ei gradvis avdekking av begges historie.
– Eg liker tanken på at eg måtte skøyte på min eigen roman, lerretet blei ikkje stort nok. Skrivinga og forteljinga i seg sjølv har alltid interessert meg, og denne boka er ei slags beretning om korleis forteljingar blir til, og korleis ein forfattarkarakter blir skapt. Så har eg prøvd å få til eit spenningselement: Ei gåte og eit dødsfall er det som tenner stoffet og gjer at det brenn gjennom heile boka, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.