Sport

Kva blir ein litteraturvitar, målmann og direktetekstar som aldri har tatt ein piruett? Kunstløpkommentator for NRK.

I elden rundt isen

Fredrik Island Gustavsen sit på første rad i EM i kunstløp i Sheffield 13.–18. januar. I februar kommenterer han OL i Milano for NRK.
Publisert Sist oppdatert

Då er det over, EM i kunstløp i Storbritannia. På tribunen sat 8000 tilskodarar frå heile verda. Stemninga var på nivå med stemninga under ein VM-kamp i fotball eller Eurovision-finale. Noregs eine utøvar, Mia Risa Gomez, tok ein 14. plass.

I denne vinteridretten er Noreg ironisk nok puslete.

– Noreg var jo med og starta ballet, påpeikar Fredrik Island Gustavsen.

– Sonja Henie bidrog til å utforme kunstløp som idrett. Ho er den einaste som har tatt tre OL-gull på rad, berre etterfølgd av Katarina Witt med to på rad. Men sporten har tatt eit kvantesprang sidan den gong. Kunstløp er ekstremt krevjande. Ein må vere sterk, rask, mjuk og smidig, ha rytmesans og kunne uttrykke seg kunstnarisk. Det er få idrettsutøvarar som trenar meir.

Og sidan talet på tekniske element og reglar er svært høgt, er det vanskeleg å spå kven som vinn, forklarer Gustavsen engasjert over telefonen frå Sheffield etter at medaljane er utdelte.

At EM ikkje blei vist på NRK, men var gøymd bak betalingsmurar, er trist, meiner han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement