Litteratur
Historia om eit varsla drap
Kanskje var ikkje drapet på Benjamin Hermansen så tilfeldig som politi og rettsvesen ville ha det til. I ei bok om det som skjedde på Holmlia, gjer Anne Bitsch dette til eit viktig poeng.
Drapet på Benjamin Hermansen fekk folk ut i gatene. Her frå fakkeltoget i samband med tiårsmarkeringa for drapet 26. januar 2011.
Foto: Heiko Junge / NTB
I Brorskapet går Anne Bitsch, dansknorsk samfunnsgeograf og forfattar, svært detaljert til verks. Ho vil syne samspelet mellom individ og samfunn, politikk og ideologi for å kunne gjere det levande for folk. Ho peikar ikkje berre på sorga som øydela fleire familiar og påverka eit heilt lokalmiljø, ho vil òg skape empatiske og analytiske rom kring personane som utførte drapet. Ikkje for å rettferdiggjere ugjerninga, men skjønar vi ikkje kven dei var, og kvifor dei gjorde som dei gjorde, er det heller ikkje råd å førebyggje at det kan skje igjen.
Historia kjenner vi: På Åsbråten i oslobydelen Holmlia, like før midnatt 26. januar 2001, blei 15 år gamle, norskghanesiske og norskfødde Benjamin Labaran Hermansen knivstukken og drepen av eit par nynazistar.
Oppvekst og miljø
Ugjerninga skaka heile Noreg og blei omtalt som det første rasistisk motiverte drapet i landet etter krigen. Joe Erling Jahr (21), Nicolai Kvisler (19) og Veronica Andreassen (17) blei dømde til høvesvis 18, 17 og 3 års fengsel.
– Det har vore viktig for meg å etablere eit skilje mellom dei borna og ungdommane dei var, og korleis dei utvikla seg til å bli farlege nynazistar. Då må ein dykke ned i oppveksten og lokalmiljøa deira. Prøve å forstå det som rører seg i psykologien til eit menneske, men òg sjå dei i lys av miljøet dei voks opp i, og tida vi alle er forma av.
Anne Bitsch fortel at det var terrorhandlingane 22. juli 2011 som fødde ideen til boka. Ho stussa over at det raskt blei heitande at Noreg med dette hadde mista uskulda. Det var jo berre ti år sidan drapet på Benjamin Hermansen, og tjue år før det hadde vi opplevd hadelandsdrapa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.