Musikkommentar

Her er ei yrkesgruppe ikkje så mange hadde tenkt skulle verte ramma av KI: coverbanda.
 

Whitney Houston syng Dolly Parton-låten «I Will Always Love You» i The Bodyguard (skjermdump)
Publisert Sist oppdatert

YouTube-kanalen Astralnauts har ein perfekt parodi på korleis ein lagar ein moderne trailer. Altså ikkje ein lastebil, men ein reklamefilm for ein film.

Ifølgje oppskrifta skal han ha dystre tekstplakatar, problemstillingar sette med dialog frå filmen og eit stadig aukande volum som stig til sjølve det musikalske toppunktet: ei moderne tolking av ein gammal pophit.

I deira tilfelle ein seig, intens versjon av britiske Dead or Alives 1985-hit «You Spin Me Round (Like a Record)» med ein kvinneleg vokalist.

Som mykje god humor er det morosamt fordi det er sant.

Idéen om å ta i bruk tolkingar av kjende songar har nok fleire opphav, men eg trur ein kan seie at det «tok av» med traileren til The Social Network (2010). Der byggjer ei kortolking av Radioheads gjennombrotslåt «Creep» ein ettertenksam, presis og ganske vakker botn for dei lange Sorkin-dialogane som utgjer filmen om Facebook.

Låten var ikkje med i filmen. Men idéen om å bruke andre sine tolkingar som lydspor til film inkluderer fleire seinare enorme hits. Kanskje den største nokosinne er Whitney Houstons tolking av Dolly Parton-låten «I Will Always Love You» på The Bodyguard i 1992. Etter det vart det verkeleg ei greie.

2001 var til dømes eit heilt vilt år for musikktolking i film. Baz Luhrmann bygde heile Moulin Rouge rundt kjend musikk i ny drakt, Donnie Darko var festa på Gary Jules' saktmodige «Mad World» (ein Tears for Fears-original). I David Lynch-filmen Mulholland Drive er Rebekah del Rios tolking av Roy Orbison-låten «Crying» på spansk, «Llorando», ein av dei verkeleg sterke og merkelege augeblinkane, ikkje berre i filmen, men i heile den mangslungne karrieren til Lynch.

Og han har ein del å ta av.

Alle desse hadde eit kunstnarisk motiv for måten dei vart knytte til filmen på, og fleire av dei har medverka til at dei tolkande artistane har hatt større suksess enn før.

No treng ein ikkje ha talent for å lage gode coverlåtar. Dei siste månadene, eigentleg berre i haust, har fleire YouTube-kanalar med såkalla fake music vakse fram. Dei legg ikkje skjul på at dei nyttar kunstig intelligens-tenester for å lage musikken, og dei legg ut i eit Jakob Asserson Ingebrigtsen-tempo.

Berre den siste veka har det kome ein intens, målande bluesversjon av Michael Jackson-låten «Thriller», ein smørglatt soulversjon av diskorocken til Kiss «I Was Made For Loving You», og ein synthwave-versjon av det som nok er den ultimate fotballstadion-allsongen, White Stripes' «Seven Nation Army».

Særleg den siste er interessant, for her høyrest vokalen meir ut som Dave Gahan i Depeche Mode. Tempoet er så seigt at dei mest aktive i kommentarfeltet har ein diskusjon om kva hastigheit ein skal høyre låten på. Han vert ikkje dårlegare av å gå heilt opp i 150 prosent hastigheit.

Dette er altså berre døme frå dei siste seks–sju dagane, og dei fleste døma som finst der ute, er amerikanske og britiske artistar. Den einaste norske låten eg har funne, er sjølvsagt «Take On Me», der ei soultolking i sekstitalsstil gjer den førti år gamle hiten til a-ha om til ein duett som endar i eit gospelkor.

Der kjem òg svaret på det mange lurer på: Kven tener pengar på dette? Skaparen skriv at han ikkje får inntekter frå YouTube for å gjere dette, grunna rettar. Men meiner at det var mykje arbeid å lage den ferdige låten, så kjekt om folk kan sende han – eg reknar av ein eller annan grunn med at det er ein «han» – pengar.

Vel. Eg tok han på alvor og testa ut ei av desse løysingane sjølv. I løpet av ein time hadde eg rundt ti versjonar av ein norsk låt, med norsk tekst, som med få unntak følgde originalen så tett at det berre er den uforklarlege biten, uncanny valley, altså det udefinerte ubehaget som oppstår når noko nesten er menneskeleg, men ikkje heilt, som står i vegen for at ein kunne ha gitt det ut som ekte.

Men det var ikkje mykje arbeid. Og der er det skumle for dei som lagar eigne tolkingar, coverversjonar eller tenkjer på å slå gjennom med å tolke andre sin musikk: Det er snart ikkje mogeleg å høyre om det er ei datamaskin eller eit menneske som har arrangert og spelt inn.

I testen min laga eg først dei obligatoriske eurodanceversjonane, før eg fjerna meir og meir. Til slutt fekk eg eit svært kor til å syngje a cappella.

Menneskeleg kreativitet er å kombinere to ting, eller fleire, for å lage noko heilt nytt. Kunstig intelligens (KI) er å kombinere to ting, eller fleire, og lage noko som liknar på noko anna. Utfordringa er at menneskehjernen likar best ting han kjenner frå før.

Det betyr at om ikkje lenge vil alt, anten det er TV 2-programmet Hver gang vi møtes eller Stjernekamp (som NRK nettopp har lagt ned), krevje endå tydelegare menneske og mindre maskin. Menneskeskapt vil verte eit kvalitetsstempel. For korleis kan ein vite at det ein høyrer, er skapt av menneske – med denne utviklinga?

Med eitt unntak: KI-en klarer ikkje dialekt så godt. Eller nynorsk. Så de som lagar musikk, kan syngje på dialekt. De som skriv, kan skrive på nynorsk. Då er de sikre. Enn så lenge.