Helle Helle i ny retning

Med den nye romanen sin trur danske Helle Helle at forfattarskapen hennar er i ferd med å slå inn på ein ny veg. Men det er enno for tidleg å vite kva retning han tek.

Helle Helle har fått reaksjonar på at romanen er skriven i notid.
Helle Helle har fått reaksjonar på at romanen er skriven i notid.
Publisert

Nokre heilt korte kapittel, gjerne berre ei halvside som bryt opp forteljinga, får henne til å tenkje slik. Dei representerer ein annan måte å skrive på, meir i det lyriske. Men all den tid ho berre har skrive éi setning på sin neste roman, korkje kan eller vil ho snakke om dette.

Som i alle Helle Helles romanar dominerer det kvardagslege. I dette tilfellet med ei 16 år gammal jente som bur saman med mor si i ein småby på Lolland. Mora har fått dødsdommen, men det snakkar dei helst ikkje om, mest går det i rutinar og det vande. Dei to hovudpersonane heiter berre «hun» og «moren hennes».

– Dei fleste personane i boka har namn, men altså ikkje dei to viktigaste?

– Det finst nok fleire grunnar til det, men ikkje alt eg skriv, forstår eg sjølv. Likevel kjenner eg at det er rett. Det støyar mindre når personane ikkje har namn. Her gjorde eg det også for å skilje dei to ut som ein eigen einskap. Det utfordra meg då eg skreiv, eg ville ikkje at det skulle stå «sin mor» nokon stad i teksten, berre «moren hennes». Byen dei bur i, har heller ikkje namn, men det er Rødby, der eg voks opp.

– Kor viktig er det at boka utspeler seg på Lolland?

– For boka er det ikkje viktig, men for meg, fordi det er der eg kjem frå. Eg kan nytte det stoffet som finst i meg, og eg er ingen research-forfattar. Rødby har eg inni meg som eit grunnstoff.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement